Fredag kveld vart det nye Musikkloftet til Vikedal Ungdomslag opna. Mange born og ungdommar med foreldre frå Sandeid, Imsland og Vikedal tok turen for å få med seg opninga. Musikkloftet, som held til på Røde Kors-huset i Vikedal, vil nå samle ungdommar frå bygdene til ein felles samlingsplass. Mari Vestbø, som er kjend frå Idol, fekk æra av å opna Musikkloftet. Ho synst det er veldig kjekt at ungdommane i bygdene nå kan få ein samlingsplass der dei kan spela musikk og gjere andre ting I lag.
— Med mitt band har det alltid vore vanskeleg å få tak i eit lokale der me kan øve. Så dette er jo eit perfekt tilbod til ungdommen som vil spele i lag, her står jo lokalet ferdig til bruk, sa ho. Vestbø sa I si opning av Musikkloftet at ho håpa at ho kunne inspirere dei yngre til å byrje med musikk.
Etter opninga vart det innslag med musikk, blant anna av eit band frå Sandeid og Vikedal. For nybyrjarar som vil starte med musikk, vil ungdomslaget bruke ressursar frå bygda.
— Det er jo mange foreldre som ein gong i tida har spela, eller spelar eit instrument, som kan bidra med noko, seier leiar i Vikedal Ungdomslag, Nils Erik Eide og fortel at laget kan vere med og arrangere kurshelgar innafor ulike instrument.
Kulturkafé
Framover har ungdomslaget planar om å arrangere kulturkafé på Musikkloftet. Band som øver i lag kan ha ein liten konsert, der folk i alle aldrar kan kome og høyre og kose seg på kafeen med mat og drikke. På opninga var det mange som var stornøgde både med musikken og kulturkafeen, som serverte god mat frå folk på kjøkkenet.
Revy og barneteater
Vikedal Ungdomslag har fått mange medlemmer som er interesserte i barneteater. Når barneteateret startar opp denne måndagen, vil dei fyrst av alt bli betre kjende med kvarandre og ha det sosialt saman. Utanom barneteateret, er skrivinga til vaksenrevyen begynt for fullt. Her håpar dei på like stor suksess som på dei tidlegare revyane.
Ungdomslaget fekk god rekruttering med medlemmer under opninga av Musikkloftet, og har nå heile 49 aktive medlemmer og 14 støttemedlemmer.