Ikkje opprykk for Skjoldar

Det gjekk ikkje Skjoldar sin veg då dei møtte Sunde i returkampen laurdag ettermiddag. Etter […]

Det gjekk ikkje Skjoldar sin veg då dei møtte Sunde i returkampen laurdag ettermiddag. Etter at dei hadde spela 2-2 på heimebane laurdagen før, måtte dei vinne eller score minst tre mål på eit uavgjort resultat, for å klare opprykk til 4. divisjon.
Akkurat som i den fyrste kampen fekk Sunde straffe i 1.omgang, men skilnaden denne gongen var at Skjoldar hadde starta kampen med mange gode målsjansar, og mista ikkje motivasjonen sjølv om dei fekk ei scoring i mot seg. Så hadde også Skjoldar ei scoring i fyrste omgang, men her sto dommaren for langt i frå, og målet vart ikkje dømt.
— Ingen tvil om at den ballen var inne, sier oppmann Arne Grunnaleite.

Offensiv 2. omgang
Skjoldar hadde ingenting å tape og satsa offensivt i 2. omgang.
— Her var det berre å gamble. Me hadde full kontroll i heile 2. omgang, men fekk ikkje ballen i mål. Til dømes hadde Egil Moe to kjempesjansar, der han på den fyrste sjansen fekk eit innlegg, og til tross for at han berre sto to meter frå mål gjekk headinga over. Også den andre sjansen kom frå eit fint spel og innlegg frå sida, her sto Moe på bakre stolpe, men skuddet gjekk rett utanfor, fortel Grunnaleite.

Godt keeperspel
Dei siste tjue minuttane la Skjoldar om til tre spelarar i forsvar, og tre spissar, der dei pressa og hadde kontroll over spelet. Sunde kom mest ikkje til sjansar i andre omgang, og dei få sjansane dei hadde, redda keeper Jarle Rødde med glans.
— Rødde var nok sannsynlegvis banens beste i dag, seier Grunnaleite. Det ville likevel ikkje lukkast for Skjoldar og i sluttminuttet var det Sunde som fekk scoring igjen.