Ikkje Vinmonopol neste år

Ikkje eitt einaste av dei tolv nye polutsala kjem i Hordaland eller Rogaland. Dermed vil […]

Ikkje eitt einaste av dei tolv nye polutsala kjem i Hordaland eller Rogaland. Dermed vil dei to store vestlandsfylka i alle fall ikkje rykkja bakover i køen ved neste korsveg.
— Det var jo synd at det ikkje blei ei avklaring. Men sjølv om det ikkje gjekk denne gongen, går det kanskje neste gang, lyder kommentaren frå ordførar Amund Enge i Etne, som sjølv har forfatta vinmonopolsøknaden for sunnhordlandskommunen. Ølen-ordførar Arne Bergsvåg var ikkje tilgjengeleg for kommentar på fredag.
Vurderingar av salsvolum og lønsemd er lagt til grunn for plasseringane. I tillegg har styresmaktene lagt opp til at det skal opnast nye pol der avstanden til eksisterande utsal er lang.
— Både Ølen og Etne har vore med i vurderingane. Det kjem ikkje poletableringar der i 2006, men dei har ikkje gått ut av listene, trøystar Hatlem, som har hatt mange skuffa ordførarar på tråden.
— Lyngdal har 7000 innbyggjarar og ligg eit kvarters køyring frå polet i Farsund. Polet i Flekkefjord er ein halvtime i andre retninga når vegarbeidet er ferdig. Kan du seia noko om kvifor Lyngdal ut frå Vinmonopolet sine kriterium blir vurdert som betre enn Ølen og Etne?
— Lyngdal ligg ikkje i vårt distrikt, så eg kjenner ikkje til kva vurderingar som er gjort der, forklarer Hatlem.
Vestlandsregionen i Vinmonopol-samanheng strekkjer seg frå Egersund til Sunnmøre. Dei tre nye utsala i dette distriktet i 2006 kjem i Gloppen, på Herøy og i Sykkylven.
— Korleis er utsiktene for 2007?
— Eg reknar med at det skal etablerast om lag like mange nye utsal då, svarer Hatlem, som takkar av som regionsjef i Vinmonopolet ved månadsskiftet.