— Eg er imponert over det som er blitt gjort med kyrkja her i Vats. I fjor då eg køyrde forbi denne kyrkja var ho eit trist syn. Eg blir fylt med respekt ved å sjå kor mykje bygdefolket her i Vats har gjort på dugnad for kyrkja si, seier biskop Ernst Baasland.
Motteken på beste vis
Det var tydeleg at kyrkjelyden og soknerådet i Vats hadde gjort sitt aller beste for å gje biskopen ei flott mottaking i går. Som ein kongeleg rulla biskopen vinkande inn føre ei flott og nyoppussa kyrkje i hest og kjerre. Skulekorpset stemte i og det gjæve fylgjet entra kyrkja gjennom ei staseleg flaggborg, som fjorårets konfirmantar stod for.
Innhaldsrik gudsteneste
Biskopen gjekk både inn og ut av kyrkja i prosesjon, saman med andre prestar og tilsette i kyrkjelyden. Det var ein stor og høgtidsstemt kyrkjelyd som feira Vats kyrkje sine 150 år.
— Det er vanskeleg å seie kor mange som er her i dag, men eg vil tippe mellom 300 og 400 personar, seier prest i Vats og Skjold, Martin Ivar Arnesen.
Skulekoret, som vart oppretta for dette eine høvet, starta gudstenesta med klokkeklar song. Medan barnestemmene ljoma i kyrkja fekk dei frammøtte sjå lysbilete frå kyrkjehistoria til Vats og naturbilete frå same området.
Festmiddag
Etter jubileumsgudstenesta bar ferda for svært mange av dei frammøtte til Vindafjordhallen. Her spanderte soknerådet gryterett på heile bygda.
— Me vil takka alle i bygda for fenomenal dugnadsinnsats, ved å by på denne middagen. Etterpå vert det kaffi og kaker, også det er gratis. Me har fått bortimot 30 kaker til denne feiringa, seier sekretær i soknerådet, Iren Eike.
Soknerådet er svært nøgde med jubileumsveka.
— Me har hatt stor oppslutnad frå bygdefolket heile veka og dei ulike arrangementa har vore veldig bra.
Etter ei veke med feiring var jubileumsgudstenesta eit flott og verdig punktum for 150 års jubileet i Vats.
Imponert over dugnadsanda
— Eg er imponert over det som er blitt gjort med kyrkja her i Vats. […]