Julestemning på nisselåve

Utseld premiere fekk pulsen opp hos dei unge skodespelarane. For laurdagens fyrste framføring var utseld […]

Utseld premiere fekk pulsen opp hos dei unge skodespelarane.
For laurdagens fyrste framføring var utseld i løpet av nokre dagar. Med gløgg og graut inkludert i billetten, var den rette julestemninga skapt. Nissehuer og blåfjellhuer var å sjå over alt. Ungane kunne knapt sitje i ro av spenning før juleteatret byrja. Til publikum hadde Torgeir Øverland funne fram halm som varma godt på baken i vinterkulda. «Juleforviklingar» byrja med den eldste skodespelaren av dei alle i stykket, Asbjørn Lervik. Han var dreng og griskokk på garden, og song om livet på garden. Deretter følgde det med livet i nisseland der ungdommane hadde fleire songar å kome med. I nisseland var det sjølvsagt at ein måtte like graut, og i den andre vanlege familien var det inga jul. Derfor vart det klart for rolleskifte
mellom dei to jentene. Sjølv om det vart juleforviklingar, ønskte ikkje jentene å byte roller lenge og ville tilbake til sitt. Det halv times lange stykket har vore øvd på heilt sidan starten på hausten. Dei fleste har vore med i gruppa sidan i fjor. Ungdommane som er med i teatergruppa synest det er veldig kjekt å vere med som skodespelarar og gledde seg etter premieren til neste framsyning som byrja om ein time. Nissene på låven

Dei fem jentene frå nisseland song så  fint at til og med grisene måtte kome i julestemning.