— No ligg råoljeprisen stabil og tilgangen på ferdige produkt er betre, difor set me no ned prisane, seier leiar for bilistmarknaden i Norske Shell, Jan Eide.
Han trur det vil bli priskrig i enkelte område i tida som kjem.
— Kvar bensinstasjon står heilt fritt til å fastsetje pris, difor kjem ein prisnedgang heilt an på korleis konkurransen er i det aktuelle området. Sist veke hadde ein bensinstasjon i Tana bensinpris til under sju kroner, det er utruleg lågt og var eit resultat av konkurransen i området, seier Jan Eide.
Gode tendensar
Tysdag mellom klokka 12. 30 og 13. 00 tok Grannar ein telefonrunde for å sjekke om dei lokale bensinstasjonane føgjer utviklinga. Konklusjonen var at alle i distriktet held seg eit stykke under listeprisen til Shell, som er 11, 73 kroner per liter. Best ut blant stasjonane på dette tidspunktet, var Shell-stasjonane og Statoil Ølensvåg som alle tok 11, 33 kroner for bensin og 10, 33 kroner for diesel. Dårlegast ut av testen kom Kyrping Bensin og Daglegvare, som tok 11, 53 kroner for bensin, og 10, 53 kroner for diesel.
— No forandrar prisane seg for kvar einaste time. Prisane går lengre og lengre ned, seier Anne Lise Sjurseike ved Knapphus Bensinstasjon AS.
Pristest på drivstoff
Tysdag 11.10.05 klokka 12. 30 –13.00
Statoil Ølensvåg (Statoil)
Bensin 95: 11, 33 kroner
Diesel: 10, 33 kroner
Etne Service Senter (Shell)
Bensin 95: 11,33 kroner
Diesel: 10, 33 kroner
Sandeid Bensin AS (Shell)
Bensin 95: 11, 33 kroner
Diesel: 10, 33 kroner
Knapphus Bensinstasjon AS (Shell)
Bensin 95: 11, 33 kroner
Diesel: 10, 33 kroner
Ølen Bensin og Storkiosk (Shell)
Bensin 95: 11, 33 kroner
Diesel: 10, 33 kroner
Skjold Servicesenter (Esso)
Bensin 95: 11, 43 kroner
Diesel: 10, 43 kroner
Kyrping Bensin og Daglegvare (Best, Statoil)
Bensin 95: 11, 53 kroner
Diesel: 10, 53 kroner