— Det er eit viktig mål å få til utbygging av småkraftverk basert på ei miljøvennlig utnytting. Denne utbygginga gjev eit godt bidrag til kraftoppdekkinga og syt for verdiskaping og næringsutvikling i distriktet, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen i ei pressemelding frå olje- og energidepartementet.
Kraftverket vil ha ein årlig produksjon på rundt 12 GWh. Produksjonen tilsvarar energiforbruket til omlag 600 husstandar. Utbygginga er eit samarbeid mellom grunneigaren og Småkraft AS, der Småkraft AS står som operatør av kraftverket og grunneigar leiger ut fallrettane.
Av omsyn til landskapsopplevinga og biologisk mangfald er konsesjonen gitt med vilkår om heilårlig minstevassføring i vassdraget, heiter det i pressemeldinga.
Konsesjon til Bergstø kraftverk
— Det er eit viktig mål å få til utbygging av småkraftverk basert på ei […]