Me har frå denne staden ved fleire høve skrive om det rike kulturlivet i bygdene våre. Men me trur aldri spaltene i Grannar har vore så fylte med kulturstoff som nå. Det er ikkje lenger berre festivalar om sommaren og førestellingar før jul og sommaravslutningar. Det er formeleg non stop heile året.
Ein stor og viktig del av æra for det, må kulturskulane i dei tre kommunane ta. Med sine profesjonelle og svært dyktige lærarar og instruktørar tryllar dei fram den eine oppsetninga større og betre enn den andre. Før påske var det teater og songspel på rekkje og rad. Og sanneleg held det fram i like stort tempo nå etter påske òg. For døra står dansegruppa i Vindafjord som skal setja opp ei fargesprakande framsyning som dei har kalla Tidsmaskinen. Heile 43 unge dansarar skal i aksjon.
I Etne skal afrikanske trommer og norske feler klinge saman. Neste veke brakar det laust med vårslepp for kring 200 kulturskuleelevar. Scena i kulturhuset skal vera ein møtestad for ulike musikalske tradisjonar. Kulturskulen i Etne har fått 40.000 kroner i støtte av Norsk kulturråd til gjennomføringa av det fleirkulturelle prosjektet der tema er barn av innvandrarfamiliar. Rektor Nils Halleland fortel at det gjev ekstra utfordringar i undervisninga når kulturskulen blir fleirkulturell og fortel at barn frå Afrika til dømes har andre musikalske referansar enn dei europeiske.
Han fortel at normalt må dei lære «Tom Dooley» og «Kjerringa med staven» når dei kjem hit. Men nå skal dei snu det heile på hovudet, fortel han.
Det blømande kulturlivet på bygdene er ein viktig faktor for at folk skal bli buande her og ikkje fara med straumen til byar og meir sentrale strok, som det heiter på fint. Når barna og ungdommane trivest med å bu her, er det vanskelegare for dei vaksne å bryta opp. Og når dei minste har det kjekt, har som oftast dei vaksne det òg. Derfor er arbeidet til kulturskulane, og alle frivillige lag og organisasjonar, så uhyre viktig. Det å investera i kultur er infrastruktur nummer ein i ein kommune.