Kva er gale i Etne?

I dag ser me at mykje av desse skulenedleggelsene omkring i landet var feilslått politikk, […]

I dag ser me at mykje av desse skulenedleggelsene omkring i landet var feilslått politikk, og det er bygder som har tatt i bruk igjen grendeskular som har vært nedlagt. I Etne var det i år 2000 veldig dårleg økonomi, då skulle tre grendaskuler legges ned for enhver pris, sjølv om protestgruppa den gong kunne dokumentere at ein ikkje sparte fem øre. Det einaste ein opplevde er ein endå meir forverra livskvalitet til innbyggjarane i krinsane, og endog fraflytting som resultat. Det verste den gong syntes eg var at Sævareid skule blei lagt ned. Der var grenda inne i ei positiv utvikling og skulle hatt ein stor distriktsgrendeskule. Etter denne nedlegginga så gjekk det etterpå plutselig så veldig bra i Etne. Ja, så bra var økonomien at ein kunne begynne med skuleutbygging i Etne til 60-70 millionar. Og nå er vel sluttrekninga kommen og resten av grendeskulane må legges ned. Nei, dette er for drøyt, og eg håper at etnebuen seier at nå er det nok. Då er eg redd ettermælet etter dei styrande i kommunen blir at det var i den perioden det blei pussa opp i sentrum og grendene i kommunen blei raserte. Me som kommer frå grender veit kor mykje skulen betyr. Og det er ikkje heilt til å bli klok på at det ofte er lærarar i politikken som argumenterer for større enheter, og er redde for at elevane lider pedagogisk og sosialt ved å gå på små skular. Det er også ein tankevekkar at ein kjem med forslag om å legge ned barnehage på Rygg samtidig som me veit at kommunen subsidierer sterkt den private barnehagen på Grønstad. Velger dei styrande å legge ned skulane, reknar eg med at om nokre månader er økonomien blitt veldig bra igjen, og då kan ein vel bygge kulturhus? Eg håper at utbygging av samfunnshuset blir utsatt, og at dei styrande kontaktar eit søskenbarn av meg som har ein 1000 kvadratmeter stor hall som kommunen ikkje kan skaffe tomt til. Løp og kjøp denne hallen så har dåken ein kjempe idrettshall.

Helsing utflytta grønstadbu,
Terje Grønstad