Kven sine interesser ivaretar Norsk Sau og Geit?

Kva som var oppe på landsmøtet veit eg ikkje, men då eg las ei heilsides […]

Kva som var oppe på landsmøtet veit eg ikkje, men då eg las ei heilsides intervju med den nye nestleiaren i Agderposten, vart eg skræmd. Eg går ut frå at det synet han gir til syne som nestleiar, er laget sitt syn.
Er det ikkje slik å forstå at produksjonen av vaksne dyr er 25 % av all kjøttproduksjon av sau og lammekjøtt, eller er det nye fordelingsnøklar no?
Kan det verkeleg vera sant at sauehaldarane sin eigen organisasjon verkeleg meiner at ein sau som er litt feit ikkje er meir verd enn kr.0,05 pr kilo, når prisen på låra av dette dyret er verd i engro kr. 59 pr. kilo og bøgene er litt
mindre verdt. Det er gjort på fem minutt å dele frå låra og bøgene med kun fire små snitt, resten kan gies bort til reveåte og hundemat. Burde ikkje dette «verdilause» kjøttet då vere fritatt for markedsreguleringsavgift.
Det vart og teke til orde for at kjekjøtt ikkje er verd noko, for det tek nesten like lang tid å slakte eit kje som ein gris. Dette håpar eg at styret svarer på i media, så me veit om det er småfehaldet eller markedsregulator sine
interesser som N.G.S. ivaretar, og i den samanheng stiller eg nokre spørsmål:
1: Kor kan eg som forbrukar få kjøpe dette billige kjøttet?
2: I kva kjede er det moglegheit å få kjøpe geitekjøtt?
3: No når markedsregulator har dumpa lammekjøttet med 9 kr. pr kilo inkl. frysefradrag + mva og kjedeavanse, (- etter nyttår). Kor er det mogeligheiter til å få tak i dette rimelige kjøttet?
4: Kva syn har N.S.G. på at medlemmene sine produkt er mindre verd enn kva markedsreg.avgifta er, og har de tenkt å gjere noko med det.
5: No når landsmøtet har vedteke at N.S.G. skal innfiltrerast i Samvirke, får då lokallaga sjå avtala og komme med innspel? Er godtersla lik den dei andre to faglaga får, slik at det kan seiast at det er for å styrke økonomien i laget?
Ingart Blikra,
Grimstad