Kven skal ha mat?

Dette er den naturlege maten som me har i kjøleskap og frys. Men har ikkje […]

Dette er den naturlege maten som me har i kjøleskap og frys. Men har ikkje alle og den same retten til den åndelege maten? Jau, alle har og den same retten til å vera saman i samfunnet åt dei Heilage, å få ta i mot det Gud har å gjeva dei som møter opp til dei forskjellige samlingane rundt om i bedehusene, og kyrkjene.
Men slik er det ikkje i dag. I dei store massen av dei einsame, er det nok sikkert og mange som er Guds born. Er dei gløymde av dei forskjellige styrene for desse bedehusene, og kyrkjene? Eller er det for mykje bry å ta dei med seg til samlingane om Guds ord? Mange av dei einsame er funksjonshemma, og kjem ikkje fram på eiga hand. Kven har då ansvaret for at dei blir sitjande heima einsame, og mogeleg gløymde.
Kan henda er mange av desse medlemmar i dei forskjellige bedehus, er dei medlemmar, har dei og same retten som dei andre til å få del i det som skjer på bedehusa lokalt, og globalt.
Slik har eg personleg ikkje fått opplevd det. Eg fekk nokre gongar tilbud om å vera med til bedehuset, og vart med. Men på vegen snakka dei om dei gode møta på «Bibelskulen», «Fjelly», osb. Det var så tungt å høyra på, for eg sat då berre med ein lengsel om å få vera med på desse møtene, noko eg aldri fekk oppleva. Seinare sat eg ikkje på med nokon meir, då eg ikkje fekk vera med til samlingar andre stader. Ringte til nokre med spørsmålet om å få vera med til kyrkja, men uten resultat.
Dette har ført meg nærare dei som set der einsame, og til tider gløymde av kristenfolket som skulle vera Jesu forlengede armer rundt om i landet vårt. Ordet frå Herren i Matt. 25.40 talar klårt til oss alle. «Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brødrene mine, det hev de gjort imot meg» Og Guds ord legg til at desse hjelpelause som du tek deg av, i denne samanheng, ta dei med til samling om Guds ord. Skal du ikkje venta å få noko at av dei, men av Gud. Så her stansa eg ofte ved ordene frå Jesus «Gakk du av og gjer like eins» Luk. 10. 37.
Eg gjekk 4 kurs på Bibelskulen i Bergen i min ungdom. Det var 4 rike kurs, og eg sat med fine minnar etter meg då kvar kurs var ferdig. På Bibelskulen var det ein song som gjekk igjen og igjen «Til den sjel som ei makter å komme til ro. Jesus har aldri sagt nei» og i det 4 verset lyder det slik: «Kom du blinde og lamme, ja kom kven som helst. Jesus har aldri sagt nei» osb.
Takk og lov: «Jesus har aldri sagt nei». Då eg vart registrert som døvblind, var det ingen som tilbaud meg å vera med på elevstemna osb. På Bibelskulen. Det var ein del som fortalde om det som skulle vera, men ikkje eit ord om eg og ville vera med. Eg tok då kontakt med elevringen med spørsmålet om eg ikkje kunne få ha tolk/ledsagar med meg frå Tolkesentralen, men svaret var eit nei. Men eg fekk dei faste sendingane av innbetaling av medlemskontingent, og lodder for Bibelskulen. Var eg medlem, hadde eg dei same rettane som dei andre sjølv om eg var døvblind. Men det fekk eg ikkje. Hadde Bibelskulen og elevringen gått bort frå ansvaret sitt med å la den funksjonshemmede berre vera for seg sjølv i heimen, og utestengt frå samfunnet med Gud, og dei tidlegare bibelskuleelevar? Hadde tida endra seg så mykje at no var det ikkje aktuelt å be inn blinde og halte. Er menneskeverdet ikkje så aktuelt lenger? Har Bibelen endra syn på dette feltet? Nei, Jesus seier framleis ikkje nei til dei funksjonshemma. Eg hadde då ikkje noko anna å gjera enn å melda meg ut or elevringen. Dette var lenge før eg var skilde fyrste gongen.
Eg skriv fordi Jesus framleis står der med utstrakte armar å ventar, også på dei blinde og halte, og dei andre funksjonshemma. Jesus kallar framleis på alle dei som har det vondt, fysisk som psykisk, og Han vil gjeva dei kvile. Derfor skriv eg ikkje på mine vegne, men for alle som set der einsame, og ikkje minst dei som er medlemmar i sine kyrkjelydar, og som ikkje vart teke med til samfunnet av dei Heilage. Gløym ikkje dei som er greinar på på «Vintreet». Er dei borte, er heilskapen i forsamlingane borte. Derfor vil eg trekkja meg til sides, for at dei andre ikkje skal verta gløymde av dykk, slik som dei ikkje er gløymde av Gud.
Eg ser for meg denne sterk funksjonshemma kvinna som sleit seg fram til bedehuset. På vegen køyrde emiseren forbi henne, uten å stoppa, og å be henne inn i bilen. Er denne emiseren den einaste? Nei, det er nok mange av dei som står for arbeider i dei ulike kyrkjesamfunna, og bedehusa, som har køyrt forbi dei som dei skulle ha teke med seg. Orsak meg for at eg tek opp dette, men eg berre må. No har Gud arbeidet med meg så lenge om få setja desse orda på trykk, og no er det berre å fullføra det. For dette var noko kvar ein kristen fekk oppleva då dei gjekk over frå døden til livet, at dei elska brørne. 1. Joh. 3. 14. Dette gjeld ikkje berre dei funksjonsfriske kristne, men alle uansett, om dei er funksjonshemma eller funksjonsfriske. «Gud gjer ikkje skilnad på folk».
Så vonar eg at ikkje alt det som står her fell på steingrunn. Men at det ved Guds nåde, og Jesu hjartelag i ditt liv, kunne skje ei omveltning i dykkar nærmiljø for dei einsame kristne, og dei andre som lengtar å koma til ro.

Malvin Lie