Latter og trampeklapp

Generalsekretær for Noregs ungdomslag var ein av svært mange spesielt inviterte denne kvelden, og ho […]

Generalsekretær for Noregs ungdomslag var ein av svært mange spesielt inviterte denne kvelden, og ho kunne fortelje at aktiviteten i Sandeid er av dei sjeldne. Det vanka både gåver og blomar, talar og gode ord, før teppet gjekk opp. Då fekk publikum sjå og høyra hysterisk morosame krumspring, og fleire ramsalte replikkar.
Stykket var svært underhaldande, og regissør Jostein Apeland har utan tvil gjort ein god jobb med denne oppsetninga. Etter teppefall kunne skodespelarane hauste rungande applaus, frå eit publikum med krampe i lattermusklane. Vel blåst – vel fortent.

Les meir i papiravisa