Litt av kvart

Ein dag me sat i daglegrommet her på omsorgssenteret trilla dei ei kiste forbi der […]

Ein dag me sat i daglegrommet her på omsorgssenteret trilla dei ei kiste forbi der mange av oss sat, og ei stund etterpå kom dei trillande ut att med den. Det var vondt å sjå. Før har det vore slik at då nokon døydde køyrde dei kistene på bårehuset då ingen såg det, og hadde så minnestund der etterpå. Dette blei gjort utan at nokon visste om det.
Ein her har talt til 14 dører som er pauserom og kontor, så det hadde endeleg vore andre plasser til lagerrom.
No har dei jo også laga til tre kjøkken som er skilt frå kvarandre. Dei lagar mat på det gamle kjøkkenet på fredag som dei har på kjøla og deler ut laurdag og søndag. Då slapp dei å ha kokke dei to dagane.
Dei er også byrja å skifta på arbeidsplassen, dei som har vore ute er inne og dei inne er ute. Eg tykkjer det berre er rot. Det var gildare då me hadde dei same inne, men det ser ut for at alt skal forandrast.

Sina Hardeland