Lokale talent i vårens vakraste

OSLO: Vindafjord-guten var ein av to lokale løparar som var i aksjon for Haugesund Friidrettsklubb […]

OSLO: Vindafjord-guten var ein av to lokale løparar som var i aksjon for Haugesund Friidrettsklubb i Holmenkollstafetten. Håvard Askeland var den andre. Etne-guten gjorde ein flott figur for den hardtsatsande friidrettsklubben. Det heldt likevel ikkje til meir enn 14.plass.
I fjor blei det ein oppsiktsvekkande sterk sjuandeplass på Haugesund FIK. Dei hadde ingen sjanse til å kopiere den bragda.
Larsen og Askeland var før start klar over at det ville bli vanskeleg å kapre ei topp ti-plassering. Fleire viktige brikker på fjorårets lag var nemleg ute med sjukdom og skadar. I tillegg gav nokre uttrykk for at dei var ute av form. Bjørnar Larsen var ein av dei.
Færre løp
— Eg er ikkje i like god form nå som eg var i fjor på same tidspunkt. Det har samanheng med at eg har slite med halsbetennelse dei to siste vekene. Dette har sett meg tilbake. Denne veka tar eg sikte på å vera i full trening igjen. Førstkommande helg reiser eg på samling. Så går det slag i slag framover. I år vil det nok bli færre løp enn det som har vore tilfelle dei siste åra, sa Larsen. Han er ikkje framand for tanken om å starte i Ølmedalen Rundt. I slutten av juni reiser han til Trøndelag for å vera med i St. Olavsloppet. Det er ein fire dagar lang stafett som startar i Trondheim og endar opp i Østersund på svensk side. Bjørnar skal springe for Svorkmo.