Frå 1. januar er nye Vindafjord ein realitet. Første helga i januar skal dette feirast med brask og bram.
— Først ut er ein offentleg middag for spesielt inviterte gjester. Nokre av dei som er inviterte er Erna Solberg, kommunalminister Åslaug Haga, Fylkesmannen, gamalt og nytt kommunestyre, ordførarar i distriktet, alle stortingsrepresentantane frå Rogaland og personar i administrasjonen. I alt trur me det blir ei forsamling på 80-90 personar. Kokkelinja på Ølen vidaregåande skule skal lage mat til oss, seier rådmann i Nye Vindafjord, Helge Thorheim.
Folkefest med fyrverkeri
På Ølen vidaregåande skule vert det kunstutstilling, og sal av mat. Ei flyktninggruppe kjem til å medverke med song og dans. Kanskje vert det også fortalt segn og soger frå kommunane ved Guri Ravatn.
Om kvelden startar folkefesten i Ølen idrettshall. Det vert bokstaveleg talt ein pangstart på folkefesten. Jakob Hatteland skal sende til vers eit fargesprakande fyrverkeri, som heilt sikkert kjem til fengje både liten og stor.
— Me har valt å ha fyrverkeriet såpass tidleg, for at også ungar skal få ta del i det, seier ordførar Arne Bergsvåg.
Folkefesten varer fram til klokka 22. 00. Før programmet der er omme, skal dei frammøtte ha fått med seg mykje lokalt kultursnadder, frå både lag og organisasjonar og lokale festivalar. Ei enorm kake vert spandert på folket denne kvelden, og arrangementskomiteen vonar at endå fleire enn dei som allereie har meldt si interesse til å delta på underhaldningsfronten, melder seg så fort som råd.
— Det hadde jo vore ekstra kjekt om me hadde fått eit revyinnslag med skråblikk på kommunesamanslåinga, seier Arne Bergsvåg.
Elles vert det denne kvelden ei symbolsk flaggheising heist til topps. Den nye kommunesongen, som Åsmund Kalstveit skal laga, skal bli framført for fyrste gong, og kanskje vert det òg eit lite innslag frå arrangementskomiteen.
— Me lovar ingenting, men det er ikkje usannsynleg at me finn på noko, seier Arne Bergsvåg.
Festivalane skal medverke
Unni Lien, frå Kjøttfestivalen har ikkje fått diskutert med styret korleis dei skal vise seg fram.
— Me skal vere med, men på kva måte er ikkje bestemt ennå. Ikkje veit me kor lang tid me får i programmet heller, seier ho.
Frank Abelseth, primus motor bak Zportyfestivalen, vil ta seg ein prat med sitt alias, indianarhøvdingen Bjørnefot, om korleis dei skal løyse feiringa.
— Eg skal ta meg ein prat med Bjørnefot. Eg veit ikkje akkurat kor han er i januar, men sidan det kjem til å vera mykje ungar og ungdom i Ølen den dagen, vil eg tru at han tek turen for å helse på, seier Frank Abelseth, som heller ikkje ser vekk frå at det kan kome musikalske innslag frå tidlegare deltakarar frå Popstjernå.
Anne Cecilie Berentsen, frå Vikedal Roots festival, inviterer til konsert og dans med Matpackers etter folkefesten i idrettshallen.
— Det er svært viktig å profilere det me har i kommunen på ein slik kveld, difor kunne me ikkje gå forbi Matpackers. Dei har gitt ut fem plater, har tekstar frå kommunen og syng på dialekt, seier ho og vonar at festvalen også får profilert seg på dagtid.
Eva Kalstveit i arrangementskomiteen vonar óg å få med seg handelsstanden i Ølen denne dagen.
— Eg ser for meg liv og røre i sentrum heile dagen, seier ho.