Må kutte 50 stillingar

Desse framtidsutsiktene har også som vilkår at kommune-Noreg ikkje får dårlegare kår i åra framover. […]

Desse framtidsutsiktene har også som vilkår at kommune-Noreg ikkje får dårlegare kår i åra framover. Rådmann Helge Thorheim har ikkje tatt med i reknestykket at kommunalminister Erna Solberg og hennar tankefrendar gjerne vil servere endå magrare kår.

Kutt betyr årsverk
Slik rådmann Thorheim ser økonomien framover, ønskjer han å redusere driftsutgiftene med rundt 19 millionar kroner fram til 2011. Vel og merke dersom kommunane ikkje får meir å rutte med enn dei har i dag.
I følgje rådmannen er det lønsutgiftene som først og fremst må under lupa for å spare pengar. Omgjort til årsverk er 19 millionar det same som 40-50 årsverk alt etter kva stillingar det er snakk om.
— Dette er tal som får stå for di rekning. Eg er ikkje interessert i å talfeste noko no. Det er rett at lønsutgifter er den store posten. Vi er i gang med å gå gjennom dei ulike organisasjonane, og endringar vil bli vurderte seinare, seier han.

Tar styring
Den økonomiske situasjonen har gitt han så pass bakoversveis at han ber fellesnemnda om at nye Vindafjord skal ha styringa over nytilsettingar når stillingar blir ledige neste år i Ølen og Vindafjord, eitt år før den verkelege samanslåinga i 2006.
— Eg synst det er naturleg at prosjektet må godkjenne utlysing av ledige stillingar sidan det er her arbeidet med å planleggje den nye kommunen føregår. Eg ser for meg ei gradvis overføring av fullmakter til fellesnemnda i løpet av neste år. Dette blir viktige saker fellesnemnda for dei to kommunane må ta stilling til, seier Thorheim.

Sminka budsjett
Men den nye rådmannen har behov for å få kontroll over økonomien så raskt som mogleg. Etter Thorheim si berekning brukar Vindafjord og Ølen nesten ni millionar kroner meir enn dei har inntekter til neste år.
I realiteten betyr det at begge kommunane har sminka budsjetta for 2005 for å kome i balanse. Ingen kutt blir tatt fordi dei to kommunane ikkje skal skjere i tenester parallelt med at dei skal finne ut at korleis den nye kommunen skal vere.
Vindafjord sin andel i denne underbalansen er 6,2 millionar kroner og Ølen nesten 2,7 millionar. Thorheim går inn for at den nye kommunen må stramme inn eit tilsvarande beløp i løpet av 2006 og 2007 dersom ikkje nye Vindafjord får nye, friske midlar av staten.
— Det er viktig at vi veit kva statusen er ved inngangen til den nye kommunen. Det blir feil dersom det festar eit inntrykk av at drifta er kurrant. Eg reknar med at fellesnemnda vil oppmode kommunane om å synleggjere dette betre i budsjetta sine for neste år, seier Thorheim.

Frivillig hestekur
I sparepakken hans er det også ein frivillig hestekur. Thorheim foreslår at både millioninntektene frå Haugaland Kraft og eigedomsskatt skal ut av driftsbudsjettet. I dag er utbytte og renter frå Haugaland Kraft 7,7 millionar kroner. Han vil heller at desse pengane skal inn på fond for investeringar og næringsutvikling.
Med ei slik dreiing av økonomien blir det minst 10 millionar kroner ekstra å hente inn frå drifta. Thorheim meiner det er naturleg å dra desse pengane ut av drifta fram til 2011 når den noverande aksjonæravtalen om utbytte frå Haugaland Kraft går ut.