Med musikk i bagasjen

Agnieszka såg ei stillingsutlysing på internett og søkte. I sommar køyrde ho aleine frå Polen […]

Agnieszka såg ei stillingsutlysing på internett og søkte. I sommar køyrde ho aleine frå Polen til Noreg, for å kome på intervju.
— Det var ein lang og slitsam tur. Eg visste at dersom eg fekk jobben, var eg avhengig av ein bil. Difor kjøpte eg ein som eg køyrde opp hit. Det tok to dagar, seier ho og ler.
Den lange bilturen var ikkje forgjeves, den høgt utdanna musikklæraren fekk jobben. Ein månad etter kom dei to døtrene hennar, Mira (9) og Natasza (3) etter. No trivest dei alle tre svært godt på Dørheim i Ølen. Ho jobbar 30 prosent ved Etne kulturskule og 50 prosent i Ølen.
— Eg kunne aldri ha jobba 80 prosent slik eg gjer no, og hatt råd til ein leilegheit i Polen, seier ho.
Agnieszka har spesialisert seg på fiolin og piano, i tillegg er ho ein dyktig dirigent.

Auka livskvalitet i Noreg
Clive Zwanswiniski er oppvaksen i Skottland og England. Sitt austeuropeiske namn har han etter sin polske far som døydde då han var baby. På klingande engelsk fortel han at han vart tipsa om jobben i Ølen via musikkvenner. Han har tidlegare hatt ein norsk kjærast, og kunne difor mykje om landet og folket i Noreg før han søkte.
— Eg har alltid vilja bu i utlandet, helst i eit varmt land. På det punktet har eg bomma ein god del, men elles har eg det som plomma i egget her, seier han.
Clive har fem års musikkutdanning frå Trinity College of Music i London. Spesialfeltet hans er tuba. Clive er no dirigent for skulekorpset i Sandeid og Ølen, og underviser i ulike messingblåseinstrument og piano.
Hovudgrunnen til at Clive ville vekk frå London, var ynsket om ein rolegare livsstil.
— I London måtte eg køyre 11 kilometer til jobben ein veg. Kvar dag køyrde eg tre timar i kø. Eg visste aldri om eg ville komme tidsnok, det var eit stressande tilvære, seier han.
No bur han i Haugesund og nyt Noreg og sin nye livsstil i fulle drag. Det einaste han saknar er engelske pølser og det pulserande utelivet i London.
— Alt går så roleg for seg her, til og med når nordmenn køyrer bil slappar dei av. Det er herleg, seier han.
Agnieszka er heilt einig. Ho har også arbeidd eitt år i England, og likte ikkje det tilværet. Ho synest det er langt betre i rolege Ølen med fjord og fjell.

Vil bli for godt
Både Agnieszka og Clive ynskjer å bli verande i Noreg. Dei stortrivest og er overvelda over all hjelp og støtte dei har fått i sitt nye heimland. No deltek dei på norskkurs, og er allereie eit stykke på veg.
— Jai hete Clive, og jai æ sjoeni år, seier han og gliser.
— Synest de at det norske språket er vanskeleg?
— Eigentleg ikkje. Sidan me kan engelsk så går det greitt. Mange ord og måten å byggja opp setningar på er nokolunde likt, seier Agnieszka, og Clive nikkar samtykkande.
Ei utfordring som Agnieszka har er at dottera Mira lærer nynorsk på skulen, medan ho sjølv lærer bokmål.
— Kva driv de med i fritida?
— Fritid, kva fritid? Eg har to ungar eg, seier Agnieszka og ler.
— Eg driv stort sett med musikk. Eg spelar i Stavanger Brass Band, og i eit korps i Kopervik. Ein dag i veka arbeider eg i Stavanger. Tida mi går stort sett til musikk og reising. Dersom eg gjer noko utanom, hender det at eg går på symjing, seier Clive.

Eit tankekors
Agnieszka synest det er eit tankekors at halvparten av kollegaene i Ølen er utanlandske.
— Det er tydelegvis ein svikt i det norske systemet, når gjeld å ta vare på og utvikle musikalske talent. I Noreg spelar dei aller fleste berre for å ha det kjekt, og ikkje for å utvikle seg vidare. Tjue minutt i veka er altfor lite dersom ein ynskjer å bli god. Dersom eg finn ein person som verkeleg vil satse, er eg villig til å gje gratis undervisning. Ein må ofre litt, og øve dersom ein skal kome nokon veg, seier ho.