Berge Kjell Opsal har 16 år bak seg i lokalpolitikken, og endå lenger fartstid i Senterpartiet. Han hadde også plass i styret for det fusjonerte Vindafjord senterparti då han leverte utmeldingsbrevet til lokallagsleiar Birger Bratland.
Refsar Bergsvåg
— Dette er den verste rotenskapen eg har vore med på. Både styret og dei to kommunestyregruppene diskuterte denne saka. Der konkluderte vi med at landbrukskontoret skulle vere flaggsak i den nye kommunen, og at nedlegging av eit sjølvstendig landbrukskontor var uaktuelt. I ettertid opplever eg at Arne Bergsvåg går bak ryggen vår og går i bresjen for det vi har sagt nei til. Då få eg nok, seier Opsal.
— Det er greitt å tape etter reint spel. Men her kan vi ikkje stole på det som blir gjort. Så vidt har ikkje Bergsvåg som er leiar av fellesnemnda, løfta ein finger for å unngå at eit sjølvstendig landbrukskontor vart nedlagt, heller motsett. Det er for simpelt, seier han.
Han ser ingen grunn til at det skal vere rådmann Helge Thorheim sin vilje som skal vere rettesnora for Sp.
Tilbakeslag
Han meiner å sjå konturen av at Sp blir eit sentraliseringsparti i Vindafjord.
— At landbrukskontoret blir flytta frå Vikedal er ei sak for seg. Det meste kjem til Ølen til slutt. Men det viktigaste her er å oppretthalde eit landbrukskontor som kunne vere eit fyrtårn saman med eit breitt landbruksmiljø. Men her møter vi altså motbør hos våre eigne i Ølen, seier Opsal.
Han trur det blir eit tilbakeslag når landbrukskontoret blir slusa saman med sentrale delar av teknisk etat med plan og byggjesak som dei dominerande.
— Vent og sjå, det skal nok sparast pengar på landbruket, slik det alt har skjedd i Ølen.
Tung avgjerd
Han ser ikkje Sp-ordførar Bergsvåg som ein garantist for at landbruket vil bli tatt godt vare på i den nye kommunen.
— Landbrukskontoret i Ølen er det ikkje mykje igjen av. Sjå berre på landbruksvikar. Går du over grensa i dag, er timebetaling nesten 40 prosent dyrare i Ølen fordi det ikkje blir gitt tilskot, seier han.
Det var inga lett avgjerd for Sp-veteranen å melde seg ut av partiet. Opsal har vore blant dei mest sentrale Sp-politikarane i Vindafjord i ei årrekkje. Med utmeldinga går han ut av styret i det fusjonerte partiet Vindafjord Senterparti.
— Det er tøft å kutte alle band til partiet, og eg hadde utmeldingsbrevet klart i tre dagar før eg sende det. Eg blir nok politisk passiv ei stund, seier politikarveteranen.
Han har ikkje vore med i kommunestyret den siste perioden. Han forstår ikkje at politikarane har gitt så store fullmakter til rådmann Helge Thorheim og fåmannsutval som skal bestemme utforminga av den nye kommunen.
— Eg trudde i alle fall politikarane i Vindafjord hadde lært litt om å gi for vide fullmakter til rådmannen, seier Berge Kjell Opsal.
Grannar lukkast ikkje med å få tak i Arne Bergsvåg for kommentar på fredag.