Ordførar Arne Bergsvåg har dermed fått full uteljing for lobbyverksemda overfor partifellar i regjeringskorridorane og på Stortinget. Oppstartsmidlane betyr også at det kjem meir pengar i neste års statsbudsjett, og at gang- og sykkelvegen langs E-134 i Skjold blir finansiert.
— Eg har kjøpt argumentasjonen frå ordføraren. I revidert statsbudsjett, som kjem tysdag, er det sett av 1,5 millionar kroner til oppstart av arbeidet med gang- og sykkelveg i Skjold. Det betyr at ein kan starta opp til hausten. Eg garanterar også at det kjem meir pengar slik at ein kan jobba kontinuerleg og verta ferdig til neste år, seier Liv Signe Navarsete.
Navarsete meiner situasjonen i Skjold var spesiell og at det vil vera vel anvendte pengar for regjeringa. Ho legg til at vegvesenet er einig i prioriteringa, og røper at det også vil komma meir pengar på landsbasis til gang- og sykkelvegar i det reviderte budsjettet.
— Me har klart å skrapa saman litt ekstra pengar, men det er mange plassar å putta dei inn. Det er ordføraren sin innsats som gjer at noko av dei kjem til Skjold. Det er ikkje sikkert prioriteringa ville blitt slik ho er no utan at han kom på bana, seier samferdsleministeren.
Nøgd
Ordførar Arne Bergsvåg i Vindafjord, er naturleg vis svært nøgd med at oppstartsmidlane er på plass. Hadde ikkje det skjedd ville prosjektet framleis vore utsett på ubestemt tid.
— Eg er kjempeglad. 1,5 millionar er det vegvesenet seier dei treng no. Dermed vil prosjektet bli fullført neste år. Den politiske jobben er gjort. No må det berre effektuerast, seier Bergsvåg.
Han reknar med at Statens vegvesen vil prøva å få inn tilbod på arbeidet før ferien, og at ein dermed kan starta opp tidleg i haust.