Minner frå Jæren

Her heime var ikkje så mykje å ta seg til med, så eg måtte sjå […]

Her heime var ikkje så mykje å ta seg til med, så eg måtte sjå meg om etter ein jobb ein annan stad. Eg hyrte meg då som dreng på ein store gard på Bryne på Jæren. Eg skulle byrja den 12. mars.
Då tido nærma seg var det å finna fram amerikakofferten. Det føltes noko rart, når eg tok til å pakka plagg for plagg. Det var ikkje fritt for at eg trega på at eg hadde funne på detta.
Mor mi ville ikkje at eg sko reisa så langt vekk, men far min sa at eg kom til å finna meg ei rike gardsjenta å verta varande på Jæren. Men slikt vart det ikkje.
Dagen kom då eg skulle reisa. Eg skulle få vera med ein lastebåt som skulle til Stavanger. Me reiste frå Skånevik om kvelden. Det vart eit forrykande uver på heile turen. Det var ikkje bra for ein landkrabbe som meg.
Me var framme i Stavanger kl. 6 om morgonen. Eg fann fram til Jærbanen som eg vart med til Bryne. Der stod bonden å venta på meg med hest og kjerra.
Det var som å koma til Amerika for meg som kom frå ein liten gard heime. Her var store flater med steingardar kring. Det var ein store gard eg var komen til. I fjosen stod 40 mjølkekyr og ein del ungdyr. I stallen stod 7 hestar. Masse sauar og grisar, og 500 høns. Der var ikkje straum, så i huset var der parafinlampar og i fjosen flaggermuslykter. Mjølkinga gjekk føre seg med hand. Fire mann var me som gjorde den jobben. Mjølkinga tok til kl. 5.30 om morgonen og var ferdig kl. 8. Då fekk me frukost. Me hadde svært god mat, så etter kvart vart konfirmasjonsdressen for liten. Så eg måtte kjøpa meg ny dress, den kosta kr. 60.-. Eg måtte arbeida i to månader for å betala den. I dag kan du få ein dress for ei dagsløn.
I den fyrste tida lengta eg heim, men det kom seg etterkvart som dagane gjekk, og eg vart meir kjend. Når våren kom så var det ei utruleg fin tid med store åkrar der vipa i store flokkar flaug omkring. Og store lyngheiar der andre fugleslag held til og var med og gjorde sitt til at det vart ei god vårstemning.
Me brukte tre hestar føre plogen, her var ikkje traktor på den tid. Det var hesten som drog alle maskiner.
Ein ting eg sakna på Jæren, var skog, fjell og sjøen. Der var ei einsforma natur.
Når våronna tok til vart det ei travel tid med pløying, horving og såing av korn og rotvekstar. Når sommaren kom, vart alt graset turka på bakken. Ingen der hadde silo den gong. Me hadde mykje arbeid i dei store åkrane med å fjerna ugraset og tynna plantene.
Eg fekk og vera med i torvmyra å spa torv som vart brukt til brensel i staden for ved, sidan her ikkje var skog. Eg var og med å mura fleire steinmurar som står der den dag i dag. Eg har vore på garden seinare, der var store endringar nå, men steinmurane står, og steinane er dei same som for 71 år sidan.
Hausten kom og det nærma seg slutten på mi tid på Jæren.
Det var litt vemodig at eg skulle reisa derifrå, og frå dei eg hadde vore i lag med. Men på same tid var eg glad for å få reisa heim etter ei så lang tid borte frå heimen.
Eg trur eg har hatt godt av denne tida på Jæren. Eg har lært mykje som eg har hatt bruk for seinare i livet.
Ei tid som eg aldri vil gløyma. Men det vart ikkje slik som far min trudde, at eg kom til å finna meg ei gardjenta å verta varande på Jæren.

Ingvald Åsheim