Møter borna gjennom musikk

— Eg byrja i 1965, då Severin Havsgård trekte inn årene. Det var lensmann Huglen […]

— Eg byrja i 1965, då Severin Havsgård trekte inn årene. Det var lensmann Huglen som spurte meg. Eg hadde eit skulekorps i Grinde på den tida, og lensmannen lurte på om eg kunne reise inn her etter at eg hadde hatt dei, minnest Tjessheim.
Sidan har han sett seg i bilen sin i Haugesund og pendla til Skjold kvar veke. Han reiser rett frå jobben i økonomiavdelinga i Haugesund kommune, og startar korpsettermiddagen med å lære opp aspirantar på Skjold skule. Deretter kjem hovudkorpset. Denne tysdagen er det generaløving som står på programmet, før jubileumskonserten på laurdag.
— Før hadde me øving tysdagar og laurdagar. No blir det berre tysdag. Folk er meir opptatt i helgane no, slår dirigenten fast.

Starta tidleg
Dei har snart spelt i eitt år aspirantane han har framføre seg. Han skryt av utviklinga deira. Etter oppvarmingsøvingar kjem den eine samstemte låten etter den andre. Det er litt vanskeleg, men det er kjekt og, fortel dei. Dirigenten spelar med på trompet. Han byrja sjølv musikkarrieren då han var omtrent på deira alder.
— Eg byrja å spele som tiåring. Eg spelte i Breidablikk Skulekorps. Sidan har musikken vore ei liding. Eg er interessert i korpsmusikk og i musikk generelt, fortel Tjessheim.
No er han blitt 62 år, og han har spelt både i Haugesund Janitsjarorkester og i Haugesund byorkester. Han har også dirigert janitsjarorkesteret i 35 år. For tida har han, ved sida av korpset i Skjold, også det musikalske ansvaret for Rossabø Skulekorps, i tillegg til litt undervising i musikkskulen i Haugesund.

Oppgangstider
Dirigenten har følgd både oppgangstider og nedgangstider i korpsrekrutteringa.
— Det gjekk i ein veldig bølgjedal. For 20 år sidan hadde med 65 medlemmer her i Skjold, og for nokre år sidan var det nede i 8-10 medlemmer. Då greip ein gjeng vaksne tak i det, og no er me 40 medlemmer i korpset, i tillegg til fire aspirantar, seier han nøgd.
Korpset i Skjold er prega av stort aldersspenn i blåserekkene.
— Ungane byrjar å spele når dei går i tredje klasse, men her er også mammaer og pappaer med. No har dei blitt andregenerasjon, og dei kjem med sine ungar. Men det går heile tida på ungane sine premissar. Dei vaksne vil ofte spele vanskelegare ting, men her er det heilt klart at dette er på ungane sitt nivå. Men det er veldig god hjelp å ha dei vaksne med. Det blir meir effektivt, og me kan til dømes dele ungane inn i grupper.

Aktivt korps
Tjessheim karakteriserer korpset i Skjold som særskild aktivt og allsidig.
Dirigenten blir stadig med på nye oppgåver og idear.
— Sist haust laga dei til eit show rundt Kardemomme by. Eg skaffa notar. Det heile blei elegant takla. Det var også ei ny oppleving å vere akkompagnerande korps, fortel han.
Dirigenten framhevar at folk i bygda er flinke til å bruke korpset ved ulike arrangement – til dømes når det kjem til sport og kyrkjeliv. Korpset har også hjelpt til etter at orgelet i Skjold kyrkje byrja å skrante.
— Me har fungert som orgel i enkelte samanhengar. Då er det også godt å ha dei vaksne med.
Det blir mykje korpsmusikk, men når dirigenten har sjansen til det, koplar han av med å lytte til klassisk. Komponisten Johannes Brahms er favoritten.

Viktig i brytningstida
Det skal mykje til for å hindre han i å kome seg av garde til øving i Skjold. Denne tysdagen er nasa tett, og han fortel om turar i all slags vêr. Det går omtrent ein halv time i bilen. Vegane har blitt betre på dei 40 åra han har køyrd, men så har det også blitt fleire fartskontrollar.
— Kva gjer du når du har fri?
— Då er eg med barnebarna, og så reiser me til hytta i Hervik.
Trass i mykje å gjere, seier Tjessheim at han sjeldan blir sliten.
— Dette gjev meg så mykje. Eg har ei veldig stor interesse av å få barn glade i musikk. Det er interessant å følgje dei frå dei byrjar å spele og til det blir samspel av det. Den sosiale biten er også viktig. Eg er særleg opptatt av at dei skal ha ein positiv aktivitet når dei er i brytningstida i 14-15-årsalderen, framhevar 62-åringen, og forsikrar at han vil halde fram med å lære ungane korpsmusikk så lenge helsa seier ja til det.