Musikk som varma

Eit kammerorkester var sett saman for høvet av primus motor Lena Husebø. Ho hadde fått […]

Eit kammerorkester var sett saman for høvet av primus motor Lena Husebø. Ho hadde fått med seg både noverande og tidlegare elevar frå kulturskulen, i tillegg til profesjonelle musikarar og amatørutøvarar frå distriktet. Orkester og solistar fekk høve til å øve saman først ein dag i førevegen, og med tanke på dette var det imponerande lite slinger i valsen under konserten. Tradisjonelle og meir nyskapande tonar var nokså knirkefritt regissert saman.

Me fekk høyre utdrag frå kjende klassiske verk, vekselvis med juletonar. Konserten opna med ein rondo frå operaen «Abdelazar» av Henry Purcell. I orkesteret var det strykarar, treblåsarar, messingblåsarar og pauke, og dei sørgde for fyldig og innhaldsrik klang. Den velkjende julesongen «Ding, dong, merrily on high», var flott arrangert med ein trompet- og orgelsolo midt i. Tydelege fløytestemmer i orkesteret markerte seg også. Gry Brekke Hustveit var solist på trompet, medan Ola Ohm spelte orgel.
Fleire solistar blei lagt merke til: Margot Meling Nesgård song solo med si milde sopranstemme på «He shall feed his Flock» frå «Messias» av Händel. Trond Husebø var solist under to framføringar av ein bratsjkonsert av Telemann – der han også fekk applaus mellom satsane.
Ein del av framføringane gjekk føre seg oppe på galleriet bak i kyrkja. Mellom desse var bratsjist Trond Husebø og organist Ola Ohm sine to variasjonar over fleire kjende julesongar. I den første hadde dei tatt for seg «Det hev ei rosa sprunge», «Kling no klokka» og «Mitt hjerte alltid vanker». Flytande overgangar og mellomspel, og lange djupe tonar og akkordar, gav framføringa eit drøymande preg. Fleire på publikumsradene let også att augo og berre lytta til denne vare og vakre musikken. Den andre variasjonen deira hadde ein kraftigare, tidvis majestetisk og meir eksperimentell klang.
Den drøymande stemninga var også til stades i Ola Ohm sin pianosolo, som improviserte over salmen «Lær meg å kjenne dine veie».
Publikum gav ståande applaus til slutt, og for det fekk dei ekstranummer. Dette var andre gong romjulskonserten i Ølen kyrkje blei arrangert, og vonleg blir den ein tradisjon.

Ingrid Hillestad