Men denne kjøttdeigen er kjøpt i Sør-Trøndelag. Den vesle jenta har heller ikkje vore utanfor heimfylket. Etter at bakteriejakta i fleire veker har vore konsentrert mot Gilde sitt anlegg på Rudshøgda i Hedmark, har smittesøket nå tatt ei dramatisk vending. Fleire forhold peikar mot Gilde sitt slakteri på Fosen. Det er kjøt som er merka med 122, og ikkje 103 som på Rudshøgda.
Over 2500 prøver er henta frå Gilde-anlegget på Rudshøgda, og samtlege av dei er negative.
Kjøttdeig frå Lidl, som E. coli O103-bakterien blei funnen i måndag, stammar frå Fosen. Dette er også den einaste påvisinga av den livsfarlege bakterien i norsk kjøtt.
Dette har ført til at alt fokus nå er retta mot slakteriet på Fosen. Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, seier til VG at han ikkje ser bort frå at all smitten kan komma frå Fosen. Dagleg leiar ved Mattilsynet på Fosen, Bjørn Gillund, håpar at dei kan finna ein link mellom bakterien i kjøttdeigen frå Lidl og den som barna har fått i seg. — Då har me nådd byrjinga på slutten i jakta på bakterien, seier han til VG onsdag.
Mattilsynet har dei siste dagane fått hard kritikk for at dei ikkje i starten gjekk breiare ut i staden for å berre konsentrera seg om kjøttdeig frå Gilde sitt anlegg på Rudshøgda. Noko Mattilsynet i ettertid tar sjølvkritikk for.
Det er alltid lett å vera etterpåklok. Det som er viktig nå er å komma til botn i denne alvorlege saka. For det første for å hindra at fleire blir livstrugande sjuke, og for at me igjen kan vera trygge på at den maten me et er fri for livsfarlege bakteriar.