Nedlegging av Rygg skule og barnehage

Framleis eksistens for Rygg skule, vil difor vere det beste for både Rygg og Enge […]

Framleis eksistens for Rygg skule, vil difor vere det beste for både Rygg og Enge skule. Frå 1.-4. klasse dannar ein basis får vidare læring og mestring. På ein grendaskule er det eit meir gjennomsynleg miljø, og ein kan fange opp evt. vanskar både sosialt og læringsmessig tidleg. Ved å halde fram med skulen vår investerer vi i det beste utgangspunkt for vidare læring og utvikling hos borna våre. Ver så snill og ikkje ta denne investeringa frå oss!
Vi foreldre har eit godt samarbeid med lærarane. Vi opplever dei som engasjerande, og dei er dyktige i det pedagogiske opplegget. Og ikkje minst har vi ein rektor som styrer både skulen og barnehagen innafor budsjettet. Kvifor må då dårlig økonomi i kommunen gå utover vår skule og barnehage?
Rygg skule og barnehage er eit oppvekst- og nærmijøsenter. Skulen er også ein samlingstad for krinsen, og skapar eit godt miljø for grendafolket.
Det er ikkje heilt rett det Siri Klokkerstuen uttalte, at det er foreldra sine val av barnehage og skule, som påvirkar situasjonen ein no er komen opp i. Fleire av foreldra som har barn i andre barnehagar, hadde Rygg bhg. som første prioritet. Fordi Rygg barnehage på det tidspunktet hadde venteliste, og ein hadde behov for barnehageplass, takka ein ja til andre barnehagar i kommunen.
Rygg bhg. er ein god plass og vere for borna våre. Her har dei saman med skulen eit flott uteområde, med leikeapparat og tilgang til skog og natur som ofte blir nytta. Barnehagen og skulen samarbeider mykje, det medvirkar til at ein får ein mjuk overgang til skulen.
Frå tidlegare nedlegging av grendaskular, synest det vanskelig og talfeste kva ein eigentlig sparte inn. Difor virkar det meiningslaust og gjenta same virkemiddelet, utan og vite kor mykje ein har vunne på å ta slike smertefulle grep.

Med helsing foreldre ved Rygg skule og barnehage,
Liv Lødøen, Hanne Løvgren,Tora Lilledal, Elise Grindheim, Anita Jordal, Sylvi Kaldheim m.fl.