NRK, lisensavgift og kristendom

Men kvifor er ikkje NRK nøytral på religion? Som allmenkringkastar, som då krev lisenspengar frå […]

Men kvifor er ikkje NRK nøytral på religion? Som allmenkringkastar, som då krev lisenspengar frå oss alle, uansett «stilling og stand», er det då rett at ein skal innbetale lisenspengar til ein institusjon som ikkje ber fram det nøytrale?
NRK framber andakter og gudstjenester, i kristen regi. Er det då rett at ateistar, heidningar, muslimar, m.fl. betaler for noko dei ikkje ynskjer?
Sant nok ber andakter og gudstjenester på ein langvarig tradisjon innan NRK, men det er ikkje sjølvsagt at det som var, er noko som bør vere for evig tid, Og i alle fall ikkje når det bryt med prinsipp. Og det held ikkje med å seie at Norge er fundamert i kristen 1000 års-tradisjon, ei heller at nasjonen vår er tufta på statskirka. NRK er no tufta på eigne lover og retningslinjer, men ynskjer ikkje å vere religiøs nøytral. Er det rett?

Roy B. Pettersen