Ny vri på realfag

Alt starta med informasjonsmøte i Sauda der lærarane frå blant anna Vindafjord vart inviterte for […]

Alt starta med informasjonsmøte i Sauda der lærarane frå blant anna Vindafjord vart inviterte for å høyra om TeknoLab prosjektet.
— Eg likte konseptet veldig godt. Men det var nesten for godt til å vera sant. Skulen som fekk sin søknad godkjent, måtte ikkje ut med pengar for undervisningsutstyr og –materiell. Alt dette vert sponsa av næringslivet i Rogaland, og skulen må berre stilla opp med engasjerte lærarar og foreldre. Derfor inviterte me styreleiar i TeknoLab Stavanger, Sissel Knutsen Hegdal, til eit orienteringsmøte for FAU ved Imsland skule. Same kvelden stifta med TeknoLab, samt sendte søknad om å verta TeknoLab skule like etter, seier rektor Marita Lindal Haug.
Nesten eitt år etterpå vart TeknoLab ved Imsland skule offisielt opna med song, trommesolo, superminifyrverkeri, ordførartale og fløytekake på storleiken av ein flatskjerm-tv.

Aktuelt for andre
Hovudprinsippet bak TeknoLab er at elevane skal vera aktive i læringsprosessen og ikkje berre passive deltakarar av ein teoretisk undervisning. Gjennom TeknoLab sitt undervisningsutstyr, ulike LEGO-baserte byggjesett, kan elevane sjølve testa og prøva ut dei grunnleggjande ideane og prinsipp innan fysikk, biologi, matematikk, mekanikk, elektronikk, teknologi, design og anna. Det å byggja eit pariserhjul som går på solenergi slutta ikkje med å setja i saman sjølve modellen. Oppgåver som følgjer med byggjesetet får elevane til å læra meir om energi og mekanikk.
— Dette verkar veldig interessant. Elevane lærer ved å gjera ting. Eg synest at det hadde vore ein god ide dersom Vikedal og Sandeid skular også slutta seg til prosjektet, fordi då vil elevane frå Imsland og Sandeid kunne fortsetja med TeknoLab i ungdomsskulen også, meiner rektor ved Sandeid skule, Nils Erik Eide, som var blant gjestene under opninga.
Delegaten frå Vikedal skule, inspektør Lars Bjørn Rønnevik, som har matteundervisning som sitt hovudfelt, var imponert over TeknoLab undervisningsopplegg.
— Eg synest det er veldig bra. Utstyret er oppdelt i ulike nivå og har tilleggsoppgåver, seier Rønnevik.
Derimot er det litt tidleg å fastslå om Sandeid og Vikedal er dei neste TeknoLab-skulane.
— Me vil først sjå korleis det går med Imsland, samt at me treng foreldre som vil engasjera seg i prosjektet, seier Nils Erik Eide.

Engasjerande
Opningsprogrammet vart ikkje prega av lange talar eller anna underhaldning. TeknoLab-rap, laga og framført av elevane, og humoristisk utrulling av det offisielle TeknoLab-flagget ved hjelp av vindmølle-bilen laga av dei i TeknoLab-styret framfor høgtstemte gjesteskaren var hovudpunkt i den høgtidelege delen av opninga. Resten av opningskvelden vart via til vitskapeleg kos, utforsking av dei ulike TeknoLab pakkane, som engasjerte foreldre like mykje som elevar.
Dei minste fekk tid til å byggja ein ishockey-robot, dei eldre sat i gang med soldrivne pariserhjul og gå-maskinar.
Foreldre og lærarane sirkulerte rundt først og fremst ikkje for å hjelpa, men mange gonger berre som observatørar og medarbeidarar blant dei unge og djupt engasjerte «ingeniørane».

God investering
TeknoLab er ikkje nokre billige saker. Dei fem pakkane som vart tildelt Imsland skule kostar i overkant av 100.000 kroner.
— Alt er sponsa av næringslivet i Rogaland som ser på dette som ei investering i framtidas ingeniørar og andre yrke med realkompetanse, seier Bente Kjos-Wenjum, styremedlem ved Imsland TeknoLab.