Nyttårshelsing frå «down under»

Den første veka var berre fjas og mas, det var mykje informasjon og mykje som […]

Den første veka var berre fjas og mas, det var mykje informasjon og mykje som måtte ordnast i og med at vi reiser gjennom Work and Travel. Me fekk likevel med oss noko av det viktigaste, Operahuset og «Harbour Bridge», som var stort for oss trauste nordmenn. Australienerne er veldig gjestefrie og hyggelige så vi har blitt godt motatt.

Etter kvart var det på tide med litt action blant cowboyene. Byen var Tamworth og garden var Leconfield. Utfordringa vart å bli ekte «cowgirls». Frå nesten aldri å ha sete på hesteryggen, viste dette seg å bli ein stor prøvelse. Me lærte å sale opp, sko, og ri ein hest, og Tim, cowboyen sjølv, lærte oss om natural horsemanship.
Frå hesteryggen føltes det akkurat som å vere med i ein westernfilm, noko som var veldig idyllisk. Me lærte også å kaste lasso, utan hell, men du må ikkje tru at sauen og kalven slapp unna kniven av den grunn. Og sauen fekk heller ikkje ha ballane sine i fred, dei beit me av…Det var visst den beste måten for sauen, forstå det den som kan, DISGUSTING! Nå har me iallefall svart på kvitt at me er ekte cowgirls, og av den grunn fekk me jobb på ein gard.

Garden låg ikkje så langt fra Tamworth, der skulle me jobbe for kost og losji, og me kunne plukke zucchini for å få litt ekstra skilling i lomma. For å kort forklare kva våre «beste venner» er, er det ein mellomting mellom squash og agurk. Dagen starta kl 06.00 og då var det å stå me hovudet ned i stikkebuskar i mange timar. Etter lunsj var det tid for pakking. Det var veldig nøye for dei godkjente ikkje kva som helst, så tolmodigheten vår blei sett på stor prove. Nokon dagar fekk me fri frå plukkinga, då kasta me blant anna tørka kumøkk på dei nysådde plantene, som me selvfolgelig hadde vore med og sådd., og diverse andre ting dei gjer på ein australsk organisk gard. Om kveldane tok dei oss med ut på tur, på lasteplanen, derfrå fekk me sjå kenguru, valleby, wombat, altså ekte australsk villmark. Etter to spennende veker hos ein hyggelig familie, gjekk turen til litt mer siviliserte Sydney, der jula skulle feirast.

Julestemninga kom aldri, men me hadde ei fin australsk jul på stranda saman med slektningar, nye venner frå alle land og lokale «aussier». Me sakna så klart ribbe, lutefisk, pinnekjøtt og alt det andre me forbind med jul, men jula har vore annleis og minnerik.

Nyttårskvelden feira me på Observatory Hill, saman med tusenvis av andre og med ein fantastisk utsikt over Harbour Bridge og Sydney. Fyrverkeriet var verkelig fenomenalt og me gjekk inn i 2005 med stil! Fyrverkeriet heime vil aldri bli det same.
Til slutt vil me ønska alle kjente et godt nytt år og til alle kommande «backpackere»: Dette er livet, god tur!

Helsing jentene «down under»:
Gunhild Blakstad Haave
Solveig Slettkoloen Willa
Jorun Gjellestad