Omkom i Åkrafjordtunnelen

Operasjonssentralen fekk melding om ulykka i Åkrafjordtunnelen på E 134 kl. 6.41 av ein forbipasserande […]

Operasjonssentralen fekk melding om ulykka i Åkrafjordtunnelen på E 134 kl. 6.41 av ein forbipasserande bilist.
— Bilen kom vestfrå og har på eit vis skåre inn mot venstre i tunnelveggen og er blitt ståande 60-70 meter lengre framme, seier Jarle Grindheim, skadestadsleiar og politibetjent ved Etne lensmannskontor. Livet stod ikkje til å redda for mannen som sat delvis fastklemt inni bilen.
— Han var død då me kom til staden. Det har truleg gått raskt, seier Grindheim.
Luftambulanse blei rekvirert, men mannen blei erklært død av lege som kom på staden.
Bilen, ein BMW 520 stasjonsvogn, blei totalvrak.
— Bilen fekk svært store skadar. Det har vore sterke krefter i sving, seier Grindheim.
Det var den 38-årige Johnny Stangvik frå Vatnestrøm i Aust-Agder som mista livet i trafikkulykka.

Rett strekning
Mannen var åleine i bilen og det var ingen vitne til ulykka som skjedde fire km frå den vestre opninga av tunnelen.
— Det er ei oversiktleg vegstrekning. Utifrå skadane på bilen kan ein seia at det har vore høg fart, seier Grindheim.
Dette er den første trafikkulykka i den sju kilometer lange Åkrafjordtunnelen.
Tunnelen var tysdag morgon stengt mellom kl. 6.45 og 8.30.
— Kl. 8. 30 blei tunnelen opna i eitt kjørefelt og blei manuelt dirigert fram til kl. 11.15 då tunnelen blei opna for normal trafikk, seier Torger Stødle, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Den omkomne 38-åringen blir rutinemessig obdusert.
Ulykkesgruppa til Statens vegvesen var på åstaden tysdag og gjennomførte oppmålingar.