Ein skulde å sandeleg trutt det hadde vore noko meir positivt å gripa fatt i som representant for ei nyskipa rød/grøn regjering enn dette.
Eit gamalt ordtak segjer «Mangt skal sandeleg høyrast for øyrene dett av».
Nå veit eg ikkje alderen din Djupedal, men De har sikkert ikkje opplevd nokon av dei 2 verdskrigane som me gamle har gjort, med takksemd for det daglege brød på bordet kvar dag.
Noko som ikkje alle hadde dei krigsåra. Då lærde ein med takk å setja pris på det daglege brød på bordet – noko som ikkje var så sjølvsagt for alle.
Om Du og likesinna ikkje vel vera med å syngja for maten eit takkevers, noko som fylgjer ærefrykt ved, så må De då kunna tola og høyra andre syngja – utan å forby det – nedslående.
Forstår De høyrer med til «den nyare tid» då alle goder i livet er sjølvsagt meir enn før. Og når me høyrer om borgarkrig og svolt i flyktningeleirene i Dafur i Sudan og flom og katastrofer i Sør Amerika og jordskjelv i Pakistan med total øydelegging av alt som dei sikkert også har fått med deg – så må ein bli storleg skuffa frå oss i vårt land som har det så godt, og takkar altfor lite for det.
Bordbøn høyrer med etter gamal folkeskikk. Det er fortalt om gamle Per Korsletten som var uti frå forkynnartaleferd, og han på ein kafe der han skulle ha mat først, folda hendene, bøygde hovudet og las ei bordbøn. Nokon ungdomar som òg var der skulle finna åt han Per for dette. «Les dei alle for maten der du kjem ifrå på Lesjaskog ?
— Å, nei sa han Per. «Eg har to grisar i ein gare i uthuset heime, dei les ikkje for maten».
Kva mon det neste utspelet frå Dykk vil bli? Det vil vel kanskje bli å nekta kristen nasjonalsong om sundagsmorgonen i radio i 7 tida. «Gud signe vårt dyre fedreland». Og elles forby mest mogleg kristen verksemd og arbeid. Og ta bort mest mogeleg tilskot og støtte til slutt—-
Nei, Djupedal, den er stor som vedkjenner å ha begått – gjort noko feil og offentleg beklaga det.
Imøteser at det blir gjort av Deg!
Magnus Sørhus
Øvre Vats