Opplevde norsk skulekvardag

Dei sju 17 og 18 år gamle gutane er elevar ved den katolske privatskulen Bischöflisches […]

Dei sju 17 og 18 år gamle gutane er elevar ved den katolske privatskulen Bischöflisches Gymnasium Willigis i Mainz. Dette kan høyrast eksotisk ut i norske øyrer, men Rhinland er eitt av dei katolske kjerneområda i Tyskland. Dessutan er det langt meir vanleg enn i Noreg at kyrkjesamfunn eig og driv skular.

Privat innkvarting
Elevane går i tolvte klasse, som tilsvarar andre klasse i det norske skuleverket. Dei var innkvarterte privat, og faktisk var det ingen av dei som hadde husrom i Ølen. Mesteparten budde i Etne, medan somme av dei heldt til i Ølensvåg og Sandeid. Dermed fekk dei også høve til å prøva norske skulebussar den veka dei var her.
— Me er fem elevar som har tysk i tredje klasse, og me skal reisa til Mainz på utveksling siste veka i november, fortel Inga Klokkerstuen Kjellesvik.
Nokre av unggutane frå Rhinland var innkvarterte hjå andreklassingar under Noregs-opphaldet. Kjellesvik håpar at dei også får høve til å vera med på gjenvisitten til Mainz, men det er ikkje avklara ennå.
Redd gramatikken
Blant det norske vertskapet var det ein viss skepsis på førehand, fortel Kjellesvik. Dei norske elevane var redde at dei skulle koma til kort i den tyske gramatikken.
Når utvekslingselevane var på plass, gjekk denne redsla over, fortel Etne-jenta, som sjølv var utvekslingselev i Hamburg eit heilt skuleår.
Berre to av tyskarane hadde fylt atten, slik at dei hadde røysterett ved det tyske forbundsdagsvalet søndag. Begge hadde sørgd for å postrøysta på førehand, slik det er høve til i Tyskland.
At dei skulle hamna mitt oppe i innspurten av den norske valkampen, var det kanskje ikkje alle som var budde på, men det norske vertskapet fortel at alle følgde med på valprogramma måndag kveld.
— Ein av dei sat jamvel oppe og følgde med på oppteljinga heile natta, poengterer ei av vertsjentene.
Første Noregsbesøk
Ingen av gutane hadde vore i Noreg før dei landa her for snautt to veker sidan. Dei måtte betalt reisa sjølve, og det var slett ikkje noko som var pålagt dei som ein del av undervisningsplanen.
— Eg hadde høyrt at det var så vakker natur her, så eg ville gjerne sjå det sjølv også, forklarer Aaron Torner.
— Det er interessant for oss å sjå korleis det norske skulesystemet fungerer, synest Gregor Werum.
Då dei kom til Noreg, var det eit tett program som venta på dei. Dei fekk vera med på spasértur langs Åkrafjorden, dei har vore heiagjeng på fotballkamp, og dei har fiska og grilla i fjellet. Sanneleg var det ein av dei som bada i eit fjellvatn, veit ei av dei norske jentene å fortelja. Ein bytur til Haugesund vart det også tid til.
— Alt saman har vore triveleg, og me vil særleg få takka dei familiane som me har fått bu hjå, seier dei tyske ungdomane.
— Kjem de att?
— Ja, me kjem att så snart me har tid, lyder det.