Øyre for god lyd

Han var spent då han pakka sakene i lag med kona Liv Jorunn Rygg og […]

Han var spent då han pakka sakene i lag med kona Liv Jorunn Rygg og flytta til heimbygda Etne for to og eit halvt år sidan. Etter sju år i hovudstaden hadde han skapt seg eit godt kontaktnett og var blitt ein del av musikkmiljøet der.
— Men det speler inga rolle om eg flyr frå Haugesund eller Oslo, kommenterer han spøkefullt og alvorleg på same tid.
Ein del utanlandsturar blir det når han skal assistere musikarar med lyd. Det forhindrar ikkje at han også er ute på landevegen i Noreg, og nyleg kom han heim frå to veker på farten med Lene Marlin, Bertine Zetlitz og Morten Abel. Sørheim var lydteknikar for dei to førstnemnde artistane under juleturneen som har fått skryt og merksemd i media den siste tida.
Nye turnear
— Det var mest spennande med Lene Marlin. Ho er ein av dei som har seld mest plater i Noreg, men ho har aldri hatt ein konsert, seier Sørheim.
Samarbeidet dei i mellom fungerte bra, og går ting etter planen, blir han også lydmann på ein Marlin-turné i Italia til våren – eit land der artisten nyt stor suksess. Sørheim trur ho fekk smaken på konsertlivet.
Bertine Zetlitz har lydteknikaren jobba fast med i to år, og ein ny Noregs-turné med henne står allereie på programmet. Big Bang, eitt av Noregs beste liveband, har han også vore lydteknikar for i ein del år.
— Blir du nervøs framfor ein konsert?
— Det kan eg godt bli. Eg er alltid spent framfor den første jobben. Det er mange faktorar som verkar inn. Akustikken i rommet er avgjerande, og det same er utstyret. Denne gongen hadde me med vårt eige utstyr, og då er det lettare. Dessutan kjem det an på kva form artistane er i og korleis publikum er. Det er også mange ledd i det tekniske utstyret som skal fungere, så det er i grunnen mykje som kan gå galt, forklarer han.
— Men det er berre bra å vere litt nervøs, for då skjerpar ein seg, legg lydteknikaren til.
Starta i Ølen
Mellom andre kjende artistnamn han har jobba for nemner han Jaga Jazzist, Come Shine og jazzgitaristen Eivind Aarseth.
— Det har blitt ein del jazz, kommenterer han.
— Har du nokon favorittsjanger?
Han tenkjer seg om, og svarer nølande.
— Eg synst veldig om musikken til dei eg har jobba med no. Men eg synst ikkje god musikk er sjangeravhengig. Eg er brei i smaken, framhevar han.
Han legg ikkje skjul på at det betyr ein del at han har sans for musikken til dei han jobbar med.
— Eg skal jo vere med og uttrykke den, så eg må nesten like den. Men eg har også gjort jobbar med ting eg ikkje har likt så godt.
Sørheim har vore aktiv i band sjølv, men no avgrensar det seg til at han spelar bass med Fønix Foundation – husbandet til Fugl Fønix.
Det var då han spelte i det lokale bandet Concrete Diving i si tid, at interessa for lyd blei vekt.
— Me spelte inn ein singel på Lydloftet i Ølen. Då blei eg interessert, og eg fekk vere med Kjetil Ulland og assistere, fortel han.
Frå lett assistanse og kaffikoking på studioet i Ølen, bar det til Oslo og Nordisk Institutt for Scene og Studio, der han utdanna seg til lydteknikar.
Etter å ha hatt praksis på Rockefeller i Oslo, fekk han jobb der, og der kom han i kontakt med fleire av banda og artistane han har jobba med sidan. Men han har også prøvd seg innanfor andre område enn musikk.
— Eg jobba som myggmann på Det Norske Teatret i 1999, og same året byrja eg også med sivilteneste i Frelsesarmeen. Dei har eit kjempefint studio som ligg midt i Oslo. Derfrå sende eg radio tre dagar i veka, seier Sørheim, og legg til at han blei kjend med mange fine folk i organisasjonen.
Eige studio
No er det snart tre år sidan Fugl Fønix lokka han tilbake til bygda der han voks opp.
— Me ville prøve, og tok sjansen. Det har gått endå betre enn forventa, slår han fast.
Det blir ein del reising, men med konsentrert jobbing har han også mykje tid når han først er heime.
— Eg har alltid hatt ein tanke om at det skal bli ein bra arbeidsplass her med eige studio. Det byrjar å ta form no med planane om lydstudio i Ljoshall. Eg håpar på mindre reising når det kjem i stand. Han har stor tru på samarbeidsprosjektet med Nils Halleland og Kjetil Ulland, og han trur dei vil greie å lokke artistar til Etne.
— Det er fleire og fleire som vil reise vekk frå byen og der dei bur når dei skal spele inn plater, seier han, og meiner han har registrert ein trend her.
Han fortel at det hender han får reaksjonar frå folk i musikkmiljøet på at han har vald å flytte til det som for mange oppfattast som perifert.
— For mange er det viktig å vere der det skjer, men ein kan få med seg mykje av byen sjølv om ein bur her. Det er lett å ta ein tur til Oslo eller Stavanger til dømes, slår han fast.
Han synst i grunnen han bur ganske så sentralt i Etne. Det er på bygda han vil bu, og der vil han også at ungane hans skal vekse opp. Men han hadde ikkje kome attende hadde det ikkje vore for miljøet kring Fugl Fønix. Det er viktig.