Rekordfå Skånevik-elevar

Me skulle hatt fleire arbeidsplassar, med fleire innflyttarar. Kanskje me til og med skulle budd […]

Me skulle hatt fleire arbeidsplassar, med fleire innflyttarar. Kanskje me til og med skulle budd i ein annan kommune.
Eg trur Skånevik og Etne kommune står ovanfor eit større problem enn dei fleste er klar over.
Sparekniven blir tatt ut av slira, og skapar usikkerhet i skule, omsorg og pleie og arbeidsplassar. Samtidig blir det usikkerhet, der veksten blir negativ. Dette rammer ikkje berre kommunen, men omgivelsene rundt oss. Skulen i eit samfunn, er noko av det viktigaste me har, dei som går der, er vårt framtidige bidrag til å få landet videre framover, Me betalar vår skatt, og kommunale utgifter, og kvar enkelt har krav på å få noko igjen. Men som mangt anna kan det vera politikarane sine prioriteringar som slår feil ut. Ein må vera varsam med å til stadighet kutta i rammetimetalet for skule.
Når det gjelder Skånevik skulle det ikkje vera vanskeleg å sjå kva som skjer i denne bygda. Norway Food fabrikken blei lagt ned, der mange husmødre jobba. Med Norway Food forsvinn også eindel personar.
Dei etablerte firmaene var der før og. Det er ei klar sammenheng mellom arbeid og busetnad.
Skånevikprosjektet var eit godt tiltenkt verkemiddel, for å få til ny industri til bygda. Men det blei vel med tanken, og pengane på 1,7 millionar.
Det er vel så mange ting som skal falla på plass, men først må ein ha tilgang på lokaler og tomter, skal ein få noko til.
Dei 1,7 millionane er vel pengar som for Skånevik sin del er sløsa bort.
Infrastruktur er viktig i eit samfunn. Sjå på vegstandaren til og frå Skånevik. Sjå på Strondavegen, og vegen frå sentrum til Tungesvik. Det er skremmande, men Etne kommune har ikkje løfta ein finger for å få betre vegar til og frå Skånevik.
Som skuleveg er Strondavegen direkte farleg, spesielt vinters dag.
Eg trur folketalet vil minka litt etter litt, og det vil ongane i skulen og.
Så lenge ingen tar ansvar for ei utvikling, men berre lar det skura og gå. Ja, då har me eit problem.
Det må aldri vera konkurranse kvar stad ein bedrift skal vera i ein kommune, og det må heller ikkje vera slik at ein veljer å leggja ned noko som er etablert for å få noko nytt, og så er begge borte til slutt.
Som trenden ser ut i dag, går dessverre Skånevik inn i ei mørkare tid. Med lys i kvart einaste hus, om sommaren, ikkje industritomter utlagt av kommunen. Elendig vegstandard og ein stor handelslekkasje ut av bygda.
Noko positivt må skje, men om det blir saman med Etne kommune. Ja, det får tida vise? Me er luta lei det heile.


Ove Wiland