— Spirit er Noregs mest leste blad for ungdom mellom 15-24 år, etter Dagbladet fredag då, fortel Anne Gunn Halvorsen. Ho har berre rokke å fylle tjue år, men har allereie sikra seg ein jobb i eit av Noregs største mediehus. Ho har kontor på NRK Marienlyst ved Majorstua der ho deler kantine med TV-kjendisar og mediefolk.
— Ganske artig eigentleg, plutselig står eg i heisen med Arne Scheie og kan beundre Harald Eia og Dan Børge medan eg et brødskiva mi. Då har eg iallfall noko å fortelja om då eg ringer heim, ler ho.
For ungdom
Spirit er eit blad for ungdom mellom 14-24 år. Bladet er kjøpt opp av NRK og samarbeider med ungdomskanalen P3. Spirit er gratis og blir distribuert på alle vidaregåande skular og andre stader der ungdom ferdast. I 2005 auka opplaget til 80.000.
Anne Gunn har vore tilsett som redaksjonssjef sidan oktober i fjor, før det var ho elev ved Journalisthøgskulen i Oslo. Ho flytta til hovudstaden for å ta utdanning, men då ho fekk tilbod om fast jobb, var ikkje valet så vanskeleg.
— Eg manglar framleis eit halvt år på utdanninga, men det kan eg ta seinare. Det er viktigare med erfaring, slår ho fast.
Byrja tidleg
Anne Gunn byrja å skrive som 13-14 åring. Ho sende inn stoff til fleire ulike magasin, men det var spesielt i Spirit at ho trefte blink.
— Eg debuterte i Spirit som femtenåring og vann ein konkurranse om årets tekst då eg var seksten. Etter at eg flytta til Oslo byrja eg å skriva meldingar på bøker og plater, fortel den unge journalisten.
Då dåverande redaksjonssjef i Spirit slutta, blei ho spurd om å komme inn til intervju.
— Det er ein ganske rørande historie eigentleg. Korleis eg blei tilsett, meiner eg. Eg fylte tjue år same dag som Spirit hadde ti års jubileum. Dei meinte at det var skjebnen og at eg måtte få jobben. Det var faktisk eit lesarinnlegg som eg hadde skrive som femtenåring på trykk i Spirit si jubileumsutgåve, ler Anne Gunn.
Seriøst
Anne Gunn beskriv Spirit som eit «seriøst tulleblad».
— Vi skriv meldingar på bøker, film, teikneseriar og spel. Elles er det nokre alvorlege saker og ein del «tulle-features». Det er skjemt og alvor i skjøn foreining.
— Spirit har fått ein del kritikk på bakgrunn av det dreg nokre av sakene sine litt langt, kva meinar du om det?
— Det er nok mange som ikkje forstår ironien i det vi skriv. Vi er ikkje så stygge som folk trur. Vi får ofte kritikk for saker som andre blad har hatt på trykk, seier Anne Gunn, som trivst med skrivestilen i Spirit.
— Eg likar å skriva med litt «edge» og er open for å finne på nye ord. Dessutan er eg glad eg får skrive for ungdom. Vi er eit godt alternativ til alle dei totalt innhaldslause jenteblada, og det er bra at både jenter og gutar les oss, slår Anne Gunn fast.
— Journalistjobbar veks ikkje på tre i hovudstaden, korleis har du komme så langt i så ung alder?
— Eg har vel vore målbevisst, i alle fall inntil no. Elles så gjeld det å skriva mykje og senda inn saker, ein blir ikkje journalist berre av å ta ei utdanning. Det er viktig å skaffa seg kontaktar og ikkje vera redd for kritikk. For meg har det vore litt sånn at eg har site heime og skrive mykje, og så har eg hatt lyst til å vise det fram etter kvart.
Musikk
Anne Gunn likar aller best å skrive om musikk, som er ein av hovudinteressene hennar. På fritida er det også musikk det går i. Ho er mellom anna med i eit nyleg oppstarta jenteband der ho spelar el-gitar. Elles går ho mykje på konsertar og nyt livet i storbyen.
— Korleis var det å flytta frå Vikedal til Oslo?
— Det var utruleg gøy. Eg hadde aldri vore i Oslo før eg kom flyttande så det var jo ein stor overgang. Endeleg kunne eg gå på alle konsertane som står oppførte på konsertsidene i Dagbladet.
— Saknar du ikkje Vikedal?
— I blant, men eg reiser ikkje så ofte heim. Det er så stille der og ikkje så mykje å finna på. Ikkje anna enn å sitja føre datamaskina og skrive. Men ein ting er sikkert. Ein blir i alle fall veldig kreativ av å bu der.
Skreiv seg til toppjobb
— Spirit er Noregs mest leste blad for ungdom mellom 15-24 år, etter Dagbladet fredag […]