Snekker Andersen på Sandeid vis

Foreldre, søsken, vener og sambygdingar hadde funne vegen til Sandeid samfunnshus for å sjå årets […]

Foreldre, søsken, vener og sambygdingar hadde funne vegen til Sandeid samfunnshus for å sjå årets teaterframsyning av dei unge skodespelartalenta i bygda. Utgangspunktet for teaterframsyninga var Alf Prøysen si forteljing om «Snekker Andersen og julenissen».
Eigen vri
For å gjere historia litt lengre hadde, dei unge i barne- og ungdomsteateret sjølve kome med forslag og innspel slik at det til slutt vart «Snekker Andersen på vår måte».
Og framsyninga hadde fått mange element som syner stor kreativitet blant dei unge i teatergruppa. Alvane hadde fått sin eigen dans, og i den levande skogen song harane og trea, mens steinane lo og snakka. Også tjuvane Klin og Kokus var på ferde i julestria på jakt etter julegåver, og sjølvsagt var reinsdyret Rudolf med.
Dei aktive unge skodespelarane skal ha skryt for at dei var flinke til å snakke høgt og tydeleg, og i tillegg til at dei viste flotte songtalent. Det var ei koseleg og fin førjulsforestelling vi fekk sjå.

Liv Jorunn Frønsdal