Snyt skular for pengar

Stortinget avgjorde under budsjetthandsamingane at småskulen skal gå fire timar meir på skulen neste år. […]

Stortinget avgjorde under budsjetthandsamingane at småskulen skal gå fire timar meir på skulen neste år. Det vil seie ein skuletime ekstra i veka på kvar klasse. Ressursar til det auka timetalet er overført kommunane i rammetilskotet frå staten.
Men skulane i Vindafjord ser ikkje at dei har fått desse pengane i årets budsjett, og dei må ta av ressursane dei har frå før for å klare timetalsauken. Tiltaket var lagt inn under vurderte tiltak i årets budsjett, men det blei ikkje vedtatt.
Tar frå ekstraundervising
Dette får lærarane ved mellom andre Vats skule til å reagere. Signala politikarane gjev ved å bruke pengane til timetalsauken på andre ting, står fram som eit paradoks også med tanke på at eit par skular i Vindafjord hamna på botn i dei nasjonale leseprøvene nyleg.
— Me har forståing for at kommunen er i pengeknipe, men det blir merkeleg for oss når me i den eine augneblinken får tilsegn om at me skal få høgare overføring til desse fire timane, og i neste augneblink får me dei ikkje likevel. Det er beklageleg, seier Sjur Inge Stødle, lærar ved Vats skule.
Ved skulen hans har dei planlagt å løyse timeauken ved å ta lærarressursar frå timar der dei har inne ekstra folk.
— Men me treng i nokre timar å vere ein ekstra lærar i klassa, for at me skal kunne ta oss av elevar som treng meir hjelp, framhevar Stødle.
Heller øyremerka
Både Stødle og Marianne Eidhammer, ein annan av lærarane ved skulen, stiller spørsmål ved om saka er gjort synleg nok for foreldra.
— Kollegiet her lurer på om foreldra eigentleg veitt kva som skjer. Med stiller spørsmål ved om politikarane har brukt rett framgangsmåte i denne saka, seier ho.
— Det er jo i første rekkje foreldra og ungane dette går ut over, framhevar ho.
— Men det går også ut over vår situasjon. Det er slitsamt å ikkje kunne gje den hjelpa med ønskjer, legg Stødle til.
Dei to meiner kommunepolitikarane si handsaming av saka strid med signala frå utdanningsminister Kristin Clemet, som seier meir satsing på skulen.
— Det er eit minus at kommunane står så fritt. Hadde pengane vore øyremerka, hadde ikkje kommunen gjort det slik, meiner lærarane.
Stort ansvar
Berit Mortveit Listog, leiar i Utdanningsforbundet i Vindafjord, gjev lærarstaben i Vats si fulle støtte.
— Me engasjerte oss i førekant av budsjettmøtet i kommunestyret i desember, og tok kontakt med politikarar, seier ho.
Utdanningsforbundet fekk medhald frå både politikarar og kommuneadministrasjonen i at pengar som var løyvd til symjeundervising, kunne omdisponerast til å dekkje timetalsauken i grunnskulen. Utdanningsforbundet meinte det var viktigare å bruke pengar på dette.
— Men saka enda med at dei strauk alt, seier Listog.
— Eg synst politikarane tar på seg eit stor ansvar når dei skjer ned på skulesida. Dei brukar pengar som skulle gå til timetalsauke på andre ting, held Listog fram.
Ho har forståing for at kommuneøkonomien er trong, og at det har ført til nedskjering på ei rekkje tenesteområde. Ho meiner eit hovudproblem med skulesaka er at den har blitt handsama på ein kamuflert måte. Listog meiner det hadde vore ryddigare om politikarane til dømes hadde gjeve skulane pengar til timetalsauken, og heller kravd ei generell innstramming på budsjettet til skulane. Då hadde saka i det minste blitt synleg.

— Har fått pengane

Ordførar i Vindafjord, Reidar Håvås, seier det er feil at skulane ikkje har fått rammetilskottet.
— Dei har fått pengane, men samstundes måtte me gjere innsparingar i budsjettet. Me kunne jo ha lagt pengane til og dratt dei inn igjen etterpå, seier ordføraren.
— Men burde ikkje saka ha kome tydelegare fram?
— Den blei vedtatt som den blei. Det kan hende me kunne gjort det tydelegare. Me fekk reduksjon i skatteinntekter og momskompensasjon som gjorde at me måtte stramme inn.
Ordføraren er ikkje umiddelbart samd i at saka burde vore lagt fram på ein annan måte.
— Rådmannen sette opp budsjettet slik, og ingen av politikarane reagerte på det, kommenterer han.
Også i Ølen må det sparast i skulane, sjølv om dei der fekk rammetilskottet til timetalsauken.
— Skulane fekk tilført desse ressursane, men må spare generelt, opplyser Arne Borgemyr, stabsrådgjevar for skule.
Såleis endar Ølen-skulane i praksis opp utan desse timetalsressursane. Men på papiret har dei fått pengane. Det lukkast ikkje Grannar før helga å få tak i personar i Etne som kunne gje eksakt svar på saka der. Leiaren i Utdanningsforbundet i Etne, Dagfinn Garnes Johnsen, var bortreist, og hadde ikkje papira føre seg. På ei uklar mobillinje svarar han at han meiner staten sitt tilskott til timetalsauka er gjeve Etne-skulane, men at dei også der må spare generelt på budsjettet.