Søndagen blei for varm

På kostnadssida opplyser marknadssekretær Sølvi Grindheim Stople at dei har halde seg innanfor det budsjettet […]

På kostnadssida opplyser marknadssekretær Sølvi Grindheim Stople at dei har halde seg innanfor det budsjettet som var sett opp på førehand. Det vil seia at kostnadene er noko lågare enn i fjor, då det var mykje større utgifter til investeringar og noko dyrare underhaldningskrefter enn i år.
— Reint arrangørmessig synest eg det har gått veldig bra. Det totale resultatet ser veldig godt ut, men det er altfor tidleg å gå ut med tal, seier Stople, som ikkje undrar seg det aller minste over at folk vel å disponera søndagen på ein annan måte enn å gå på marknad når det blir så heitt.
— Dei tre første marknadsdagane var omtrent heilt likt som i fjor når det gjeld besøkstal, men søndagen gjorde utslaget, seier ho.
Møte om ungdomscamp
Som nemnd i måndagsavisa, kjem arrangørane til å vurdera kva som skal gjerast etter at ungdomscampen blei skjemma av fyllebråk. Marknadsleiar Ståle Tungesvik skal ha eit møte med medarrangørane i Etne Røde Kors Hjelpekorps like over helga, og deretter skal dei fellesskap ha møte med politiet.
— Utgangspunktet var å laga ein plass for ungdommane, slik at dei kunne kosa seg. Når det blir slik at marknaden får eit dårleg rykte, så vil me berre ut frå dette vurdera å kutta det ut, seier Tungesvik.
Leiar i Etne Røde Kors Hjelpekorps, Anne Fredriksen, er heller ikkje tilfreds med valden og fylla som skjemma ungdomscampen.
— Me skulle gjerne vore det forutan, men det er ikkje så greitt når dei kjem rekande frå heile distriktet?. Det flaut mykje alkohol, men kva er alternativet? Eg er redd dei hadde samla seg i sentrum, og det hadde ikkje vore noko betre, trur Fredriksen.
520 ungdommar mellom 15 og 35 år betalte 180 kroner kvar for å vera på ungdomscampen. Nær to tredelar av dei var frå Etne, Ølen og Skånevik. Det var også mange frå Odda og Åkrehamn.
— Det er mykje arbeid med ungdomscampen. Hadde det ikkje vore pengar i det, hadde me ikkje gjort det, stadfester Fredriksen. Mange av vaktene gjekk lengre vakter enn det dei var oppsette for, og dei fekk også hjelp frå Frivillighetssentralen i Haugesund og hjelpekorpsa på Stord, på Bokn og i Tysnes.