Boka har fått tittelen Attersyn, og er delt inn i bolkar etter tema. Langt på veg fungerer boka som ei kulturhistorie for Etne-bygda. Her er liv og arbeid på garden og stølen, skule, høgtidsdagar, og eit eige kapittel for fritid. Dette siste hadde ein oftast tid til berre som søndagane.
Skulebilete og bryllaupsbilete er det mest av frå desse farne tidene, men Ekrheim har også vore flink til å foreviga andre motiv. I boka finn me ungdommar som vaglar seg på ei hengjebru, trekkspelmenn med og utan publikum, og eit og anna bilete frå daglegdagse landbrukssysler, slik som hesjing og tresking.
Variert utval
Næringsliv og samferdsle er også med i fotoboka. Nemnda har vore flink til å velja ut interessante fotografi. To karar i berr overkropp tørkar sveitten og grev grøfter med handemakt, for å drenera vassjuk jord. I trettiåra var slikt arbeid eit slit.
Bygginga av bruer var avgjerdande for at bilane skulle kunna ta seg fram langs landevegen, og ingeniørkunstane som måtte til har fått plass i fotoboka. Her finn me den gamle Håfoss-brua frå 1877, og bygginga av den nye i 1937. Bygginga av bruer på Flåte og på Ve, og bygginga av den nye Enge-brua etter at den gamle vart sprengt i 1940, har også fått plass.
Nemnda har vore flink til å skriva forklaringar til kvart einskilt bilete. For eldre etnebuar kan denne informasjonen synast sjølvsagt og overflødig. For mange yngre bygdefolk og for lesarar utanbygds frå, skapar desse forklaringane liv og innhald i bileta.
Gode forklaringar
Bondeyrket i mellomkrigstida kan knapt samanliknast med dagens industrijordbruk. Biletbokredaksjonen har teke konsekvensen av dette, mellom anna ved å forklara i detalj korleis ein samlar høyet i såter om kvelden og spreier det ut på morgonen når ein turkar høy på marka. Det som var ålmenn kunnskap i går, kan vera ukjent for ein ny generasjon. Nemnda må ha tenkt på at dette er ei bok som skal kunna takast fram og lesast også om tretti eller femti år. Utviklinga går så fort, at allereie i dag vil mange yngre bønder ha vanskar med å kjenna seg att på somme av bileta frå bondeyrket på besteforeldra deira si tid.
Også politikk
Attersyn er meir enn berre kulturhistorie og mimring. Det er artiklar om fotografen Willum Ekrheim, og om Ingebret Paulsen, som dikta Etnesongen. Vidare får ein eit innsyn i den bitre målstriden som toppa seg i trettiåra, då nynorskfolk og bokmålsfolk i Etne stod steilt mot einannan på ein heilt annan måte enn i nabobygdene.
Utanom alt dette, er det sjølvsagt rikeleg høve for mange til å finna bilete av besteforeldre, oldeforeldre, og etnebuar som ein kanskje berre har høyrt gjete om tidlegare.
Fotobøker av denne typen er komne ut i mange bygder dei siste tjue åra, og dei er alltid ein trygg salssuksess i julesalet. Slik vil det ganske sikkert også vera med Attersyn frå gamle Etne.
Speglar Etne i kvardag og fest
Boka har fått tittelen Attersyn, og er delt inn i bolkar etter tema. Langt på […]