Stal 40.000 kroner og bil

Mannen i 60–åra var ikkje heime då innbrotet skjedde, men ante ugler i mosen då […]

Mannen i 60–åra var ikkje heime då innbrotet skjedde, men ante ugler i mosen då bilen var vekke og hovuddøra var full av brytemerke. Mannen meldte frå til politiet om innbrotet søndag morgon.
— Det forsvann ein bil og 40.000 kroner frå huset. Bilen vart funnen att på ein skogsveg ikkje langt i frå garden dagen etter. Då var bilen køyrd tom for bensin. Pengane er derimot vekke, seier Bernt Arne Skjold ved Vindafjord Lensmannskontor.
Politiet har så langt ingen mistenkte i saka.