Sju minutt før tolv var Etne senter sin parkeringsplass nesten full. Eldre ektepar, veninneflokkar, mødrer med barnevogner og tilsynelatande alle som var i gata gjekk i retning av det nye kjøpesenteret.
Skyvedøra til senteret stod open nesten heile tida – stadig nokon som skal inn eller ut. Men helst inn.
Senterleiar Tone Haugen har ikkje noko tal å leggja fram ennå, korkje på kor mange som var innom Etne senter torsdag, eller kor mykje det vart selt for.
— Det var tusenvis av folk, og salet i butikkane gjekk over alle rekordar. Me har ikkje noko felles system ennå, slik at me kan ha oversikt over den totale omsetninga. Men dei som har drive butikk ein del år seier at så bra sal har dei ikkje hatt nokon gong. Til og med den vanlege julesalsopninga hadde aldri hatt så stor omsetning, fortel Tone Haugen.
Ho seier at opningsdagen var fantastisk og at ho fekk masse gode tilbakemeldingar.
Tettpakka
Kvite fliser på golvet og kvitmåla veggar gjev inntrykk av orden og oversyn i senteret. Førsteetasjen var torsdag tettpakka med folk som gjorde seg kjente med dei nye butikkane.
Nokon berre stod og småprata – ikkje alle var der for å handla. Rodin Lunch & Kaffibar hadde nok å gjera med å selja kaffi og kaker til kundane som hadde behov for ein liten pause.
Det vrimla av folk mellom skohyllene. Nyfikne blikk gjekk gjennom juledekorasjonar i blomsterbutikken, og jernvarebutikken fekk det travelt i løpet av det første kvarteret etter at dørene gjekk opp.
Orkester og fyrverkeri
Klokka fem starta den offisielle opninga av Etne senter – med korpsmusikk, julenissar som sprang i trappa og Han innante – ei gåve frå ordførar Amund Enge.
I sin tale utrykte ordføraren at han var svært stolt over innsatsen til aktørane ved Etne senter, og at han hadde stor tru på at senteret kjem til å verta ein suksess.
Ei svær marsipankake, fyrverkeri frå Hatteland og fanfareblås krona den offisielle innviinga av det nye kjøpesenteret i Etne.