«Men dottane i øyrene mine va; kje vekke på søndagen heller, ikkje før eg tok meg ein tur te hauane me Haraldstøttå. Men då hørte eg heldigvis nordavinden», fortel Sofus. Og så slår den same Sofus til lyd for desibell-kontrollørar, «for hadde barra ein hondredel av desibellane eg hørte på konserten kome fra et ventilasjonsanlegg på et verkste, så vill Arbeidstilsynet vore der på flekken å sent folkå him».
Dette er humor på sitt beste med alvor bak.
Frå før i tida minnest underskrivne at lydnivået på danselokalet kunne vera så ekstremt høgt, «at det ikkje var verande for folk». Dansebainda blei bedne om å redusera lydnivået, men det var visst ikkje mogleg å få til. Så vart det frå arrangøren truga med å bryta straumen ved eit visst lydnivå, men heller ikkje det nådde fram. Det var så ekstremt somme gonger at dei som ville konversera med kvarandre – det var jo litt av kosen med samværet, helst burde gå utforbi huset. Men dainsebæinda svarte berre med nekt. Det var elles onde tunger den gongen som kunne tillate seg å meina at jo dårlegare utøvarane av musikken var, jo høgare måtte dei spela for å løyna dette.
Så seier den nemnde Sofus så artig: «Nå kan den generasjonen som veks opp i dag lika godt få høreapparat i komformasjonspresang, akkorat så di fekk laustenner i komformasjonspresang i gamle dar.» Herleg humor, med ei viss sanning.
«Det er vel kanskje heller ikkje om å gjera å ha høyrsel heila livet. Når ein blir gamadle kan det barre vera, då har me høyrt nok av både desibellar og åtvaringar frå gamle tusseladdar».
Det er nemleg ikkje fritt for at somme konsertgjengarar som har opplevd dei verste lydshowa, har fortald om kvalme.
TV-kanalane går føre med eit godt døme på kor viktig det er i dag å tilføra støy/larm i nesten alle samanhangar. Det er snart berre reine foredrag som ikkje får tonefølgje. Det`gjeld også mange verbale bodskap.
Reklamen i TV må nok få pokalen i så måte. Der er det reine bombinga med støy.
Det er ikkje rart at mennesket skjelv for den store stilla om natta, og det er heller ikkje rart at det heiter «øyredøyvande stillhet» i eit ordspel.
Endre Heggen
Støyslaveri
«Men dottane i øyrene mine va; kje vekke på søndagen heller, ikkje før eg tok […]