Tiltaket vart presentert for både kommunen, grendelaget, Tysvær Fiskarlag, Raunes Fiskefarm og Noregs Miljøvernforbund si avdeling i Vats. Programmet som vart lagt fram av NIVA, vart godt mottatt. Mange har stilt spørsmål om kor omfattande overvakinga av utsleppa blir i sjøen ved Raunes, og politikarane i Vindafjord har oppmoda AF Decom om å gjennomføre ei resipientundersøking i fjorden.
Fisk og sjødyr
Det har AF Decom gitt klarsignal til, og NIVA skal gjennomføre ei utvida undersøking av levande organismar i tillegg målingar Decom er pliktig til etter utsleppsløyvet. I dag har selskapet berre plikt til å undersøkje utsleppsvatn og sediment på fjordbotnen. No skal NIVA også overvake fisk, skaldyr og botndyr.
— No kan alle partar inkludert meinigmann vere trygge på at det blir ei god kartlepunktet mykje til for at politikarane kan sjå vekk frå denne folkemeininga.
Ingenting er sikkert før saka er ferdig handsama i kommunestyret, men så langt ser det ut til at fleirtalet blant politikarane vil lytte meir til foreldra enn til rådmannen og fag-staben hans.Å lytte til det folk meiner om ei sak, er faktisk det politikarane har fått tillit til å gjere. Pressgrupper har ikkje alltid rett, men er det forsvarleg å lytte til dei skoen trykkjer hos, bør det vere rettesnora for dei som bestemmer.Politikarane skal ikkje snu kappa etter vinden, vere rygglause eller velje den lettaste utvegen for å tekkast pressgrupper. Men dei skal lytte der det går an.
Fagstaben for skulen i Etne er ikkje utan argument når dei foreslår at elevane i småskulen skal ha ein ekstra skuledag for å få plass til dei nye timane styremaktene har lagt inn i småskulen. Skal elevane få desse timane inn på fire dagar som før, blir skuledagen lengre. Det kan gå ut over læringa.Men spørsmålet om lengre skuledagar er ikkje meir pedagogisk tvingande enn at nabokommunen Vindafjord vil behalde fridagen som gir elevane eit pusterom. Difor er det berre mangel på evne til å lytte som kan få politikarane til å gå mot foreldra sitt ønske. Prestisjen til administrasjonen bør dei folkevalde i alle fall ta lett på.