Svar til sunn mat v/Ølen vg. skule

Eg kan fortelja at dei fleste av elevane går på Mega og kjøper brus og […]

Eg kan fortelja at dei fleste av elevane går på Mega og kjøper brus og anna, meir enn før, men kanskje skulen ikkje er klar over det.
Eg synest det er fint om dei får elevane til å eta sunn mat, men så lenge eg veit at det ikkje er sant, synest eg ikkje dei bør uttale seg om det.
Eg har snakka med elevar og lærarar og dei har sagt at dei synest kantina var betre før, kanskje var det ikkje så sunn mat som nå, men det var både grovt og fint, og varme rettar då og.

Lykke til med sunn mat.

Fhv. kantine-ansvarlig
Svanhild Erichsen