Syr bunad til tvillingjenter

Innehavar av Ellen Tesdal Bunader i Etne, Ellen Tesdal, fortel at fram til konfirmasjonen er […]

Innehavar av Ellen Tesdal Bunader i Etne, Ellen Tesdal, fortel at fram til konfirmasjonen er den travlaste tida i året når det gjeld å sy bunader.
— Det er ikkje berre konfirmanten som skal ha bunad. Andre i familien som har tenkt å skaffe seg festdrakt, vil også ha han ferdig til då. Og likeins dei som har noko dei vil ordne på bunaden sin, vil for det meste ha gjort det til denne dagen, seier Tesdal.
Men ho fortel også at det er ein trend at mødrene til konfirmantane syr sjølve ved hjelp av henne. Dette har vore populært, særleg i år.
— Ja, eg klypper skjorta, vesten og foldar stakken, og så viser eg korleis dei skal gjere resten på første prøving, fortel ho.

Første etnebunad
Magnhild Halsnes Hovind er ei av mødrene som har nytta seg av hjelpa frå Ellen Tesdal. Ho skal sy bunad til tvillingdøtrene Tone og Silje til konfirmasjonen i vår.
Ellen Tesdal har dessutan eit ekstra forhold til Magnhild, som var den første ho sydde etnebunad til då Magnhild vart konfirmert i 1985.
Elles skryt ho av arbeidet Magnhild Halsnes Hovind har gjort.
— Det er litt av eit arbeid ho har gjort. Det ligg mykje arbeid bak bunader til to. Ho har vore flink, og brodert både kvitsaumen og selane, seier Ellen Tesdal.
Magnhild Halsnes Hovind fortel at ho begynte med arbeidet for tre års tid sidan.
— Eg liker å ha god tid, og er glad eg er ferdig nå. Eg har hatt litt meir hjelp enn andre til bunadane, då Ellen har sydd vestane også, fortel ho.
Og så har ho hatt litt hjelp av jentene, Tone fortel at ho har vore med og montert selane.

Mange forskjellige bunader
Det er ikkje berre etnebunader Ellen Tesdal syr i desse dagar. Ho fortel at det varierer mykje frå år til år kva bunad konfirmantane skal ha. Men distriktet er stort, difor syr ho mange både etne-, sunnhordland-, hardanger- og rogalandsbunader.
— Kva med gutane, blir det sydd mange mannsbunader?
— Det varierer også frå år til år. I år syr eg ingen mannsbunader til konfirmantar. Dei er ikkje ferdig utvaksne når dei blir konfirmerte, og eg trur det er noko av grunnen til at så få gutar skaffar seg bunad så tidleg, seier Ellen Tesdal.