Tar mot ballen frå stjernearkitekt

— Me blir både glade og stolte over at ein sånn kapasitet framhevar Etne. Det […]

— Me blir både glade og stolte over at ein sånn kapasitet framhevar Etne. Det gjer godt for oss alle. Han gjev oss utfordringar som me bør gripe fatt i, seier Siri Klokkerstuen, varaordførar i Etne.
Ho siktar til Snøhetta-arkitekt Kjetil Trædal Thorsen, som nyleg greip fatt i Etne som eit område med stort potensiale i forhold til tilflytting og turisme. Han meiner Etne med sin unike natur og kultur kan bli ein magnet på byeuropearar, og han føreslår ei utvikling av bygda i retning mindre landsbysentrum.
Klokkerstuen framhevar at dei ikkje har hatt nokon politisk diskusjon på utviklingsideane til arkitekten, men ventar på ein rapport før dette blir tema. Saman med Edvar Tjelmeland, nestleiar i Etne bondelag, og Ole Strømø i sentrumsforeininga, luftar varaordføraren synspunkt på tankane til stjernearkitekten.

Tunnel og skihotell
Trædal Thorsen peiker på at Etne er sjølve porten til Haugalandet for dei som kjem austfrå.
— Me bør vurdere å kalle den nye tunnelen på Rullestad for «Haugalandsporten», meiner Klokkerstuen, og får støtte med det same frå dei to andre.
— Samferdsle er viktig. Det er litt bonderomantisk slurv i det arkitekten seier, held Klokkerstuen fram, og legg til at ho ikkje meiner det negativt.
Breiband, veg- og tunnelbygging må vere viktige utviklingsgrunnlag.
Arkitekten meiner snøggtog over Haukeli er framtida, men her er ikkje dei tre etnebuane heilt samde med han. Utvikling av E134 er betre satsing, meiner dei.
— Men firefeltsveg til Haugesund hadde vore noko. Då hadde det blitt omtrent som Sandvika – Oslo, kommenterer Tjelmeland, som også har sans for at arkitekten meiner tunnel til Sauda bør realiserast.
— Då kunne Fønix blitt skihotell, foreslår han.

Sentrumsnære tomter
— Me har mykje å tilby av kultur og natur, men me manglar attraktive tomter, skyt Strømø inn.
Han meiner det må leggjast til rette for fleire sentrumsnære tomter, og at det må gjerast tydeleg for europearar eller andre som vil busette seg i Etne at det er mogleg å pendle til Haugesund.
Men skal turistane komme, må også overnattingsmoglegheitene vere der.
— Overnattingskapasiteten er ei utfordring. Hotellet i Skånevik må i drift, framhevar varaordføraren.
Ho peiker på at Skånevik tilbyr eit anna og «sørlandsidyllisk» miljø, sett saman med kultur- og naturlandskapet i Etne. Dessutan må kulturhuset og idrettshallen i Etne realiserast.
— Det er klart at for søreuropearar kan landbruk, natur og kultur vere trekkplasteret, men me må ha eit anna trekkplaster for ungdom som vil flytte heim, slår ho fast.

Økologisk profil
Snøhetta-arkitekten meiner Etne bør profilere seg gjennom reindyrka verdiar som ligg i det å ha eit nært forhold til naturen, og han føreslår satsing på økologisk jordbruk. Han kastar fram forslaget om at verdas beste økologiske geitost kunne komme frå nettopp Etne.
— Det er jo bra med økologisk jordbruk, men det er marknaden som bestemmer, og etterspurnaden er der ikkje no, så me kan ikkje leve av det aleine. Me kan alltids produsere for turistar, men det blir litt naivt å drive landbruk på den måten, meiner Tjelmeland.
— Men eg trur landbruket i Noreg har litt økologisk profil i europeisk samanheng, sidan det er småskalalandbruk, legg han til.
— Det hadde vore flott å realisere det, men me må vere realistiske. Dei strevar i landbruket, og treng vere sikre på at det er eit berekraftig og trygt system viss nokon skal leggje om, innvender Klokkerstuen.
Ho meiner likevel Etne bør spele på at det er ei landbruksbygd tufta på rotfesta tradisjonar – og produktutvikling må stimulerast.

Tilby gardar
Klokkerstuen kjem på eit vellukka gardprosjekt som har gått føre seg i Telemark dei siste åra. Det har ført til tilflytting og overtaking av nedlagte gardsbruk. Ho trur eit liknande prosjekt hadde vore ein ide å diskutere her i distriktet – for å ha noko å tilby natur- og kulturlandsskapssvoltne kontinentaleuropearar, eller andre som vil flytte til regionen.
Trass i store utviklingsmoglegheiter, konkluderer dei tre samtalepartnarane frå Etne med at mykje av det Snøhetta-arkitekten peikar på alt finst i regionen. Men det skortar på marknadsføring. Bygda har allereie ei blanda samansetjing av folk, med tilflyttarar frå fleire land. Her finst også nisjeprodukt og nok av kultur- og naturopplevingar. Folk må berre få vite om det.