Tatt ut på landslaget

— Det er kjekt, det er jo det som er draumen. Nå handlar det berre om […]

— Det er kjekt, det er jo det som er draumen. Nå handlar det berre om å gjera det godt der. Det er for tidleg å jubla, det er nå jobben startar, seier Håvard Nordtveit frå Øvre Vats.
FKH-spelaren er tatt ut på G 16-landslaget si samling i Porsgrunn 26.-30. juni, og GrannKam-spelaren Martin Vestbø frå Sandeid er tatt ut på G15-laget.
— Springa til eg spyr
Midtstopparen Håvard har vore nominert for landslaget fleire gonger før, men på grunn av skade har han aldri kome så langt.
48 gutar frå heile landet er tekne ut til G15-samlinga og like mange til G16. Av desse utgjer ei gruppe landslagstroppen, medan to grupper er utfordrarar som kan spela seg inn på landslaget. Både Håvard og Martin er tekne ut på landslaget og det gjeld å overbevisa for seinare å få spela landslagskamp.
— Eg skal springa til eg spyr, gi alt eg har og ikkje gjera feil, seier Martin, som spelar høgre back.
— Det er berre til å spela det ein er god for. Ein må snakka på banen og senka skuldrene, seier Håvard.
Begge gutane har spela på kretslaget sidan dei var 13-14 år gamle, men Martin var svært overraska over å bli tatt ut på landslaget.
— Eg sat og skalv. Eg hadde aldri trudd det. Eg synest ikkje eg gjorde det så ekstremt bra på samlinga i Bergen (regionsamling for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane), seier Martin.
Ofrar jenter og fest
Håvard spelar på andrelaget og juniorlaget til FKH. Til hausten flyttar han til Haugesund for å gå på Holgersens videregående skole.
— Eg skal få kontrakt etter sommaren når eg blir 16 år og då skal eg trena fast med FKH sitt A-lag, seier han.
Både Håvard og Martin er søner av fotballtrenarar, og meiner mykje av fotballinteressa kan førast tilbake til fedrene.
— Pappa har vore trenar for storebroren min sitt lag og eg har vore med på laget der. Eg hugsar at eg spela med Noreg-drakt medan dei andre hadde brune Vindafjord-draktar. Er det ein samanheng, eller? spøker Martin.
Gutane legg ikkje skjul på at andre ungdomsaktivitetar må vika til fordel for fotballen.
— Eg har ikkje tid til jenter, ikkje fest og ikkje drikking. Eg har ikkje vore på ein fest endå, vedgår Håvard.
Ballett
I desse VM-tider går det mykje i fotball for store delar av befolkninga, og Håvard og Martin er ingen unntak.
— Eg kan tenka meg korleis det er for dei som ikkje likar fotball nå. Det er jo fotball heile dagen. Det må vera for oss som om dei skulle sendt ballett heile tida, seier Martin.
— Ein får berre lyst å spela fotball etter å ha sett kampane, seier han.
— Ja, og dei svære stadionane, seier Håvard drøymande.
— Og draumen, kva er det?
— Spela fotball som jobb, seier begge.
— Så profflivet freistar?
— Tippeligaen er den vesle draumen, medan utlandet er meir fjernt. Me må ta det steg for steg, seier Håvard.