Klassikaren «Ein juleforteljing» av Charles Dickens er velkjend for dei fleste av oss, og kjekk og ty til for både profesjonelt teater og amatørar. Men klasse 10B ved Enge skule gjorde ikkje skam på historia om gjerrigknarken Ebenezer Scrooge på framsyninga i Etne Kulturhus torsdag kveld. Dei hadde tidlegare hatt skuleframsyning for mellomtrinnet før jul. Nå var turen kome til slekt, vener og andre som ville sjå dei flinke amatørane. Og pengane som kom inn gjekk uavkorta til offera etter flaumkatastrofen i julehelga.
Mange songarar
Denne gong møtte ein Scrooge, Marley, vesle Tim og alle dei andre velkjende personane i juleforteljinga saman med mykje song og musikk. Det er musikklærar Tor Arne Engdal som har hatt hovudansvaret for oppsettinga, med god hjelp av klassestyrarane Sten Valen og Liv Mjelde Tesdal. Engdal fortel at det er fleire songarar denne gongen enn det var sist juleforteljinga var vist for to år sidan.
Det var 18 elevar som kledde 29 roller. Såleis er det mange som har fleire roller. Dei 24 elevane hadde alt opplegget. Ein med ansvar for lys, ein med ansvar for lyd og fire elevar var scenearbeidarar.
Mange av kostyma har elevane hatt med seg frå heime.
Engdal legg til at Geir Davidsen frå Etne Kulturhus var til svært god hjelp, og at han stilte gratis opp.
Flinke aktørar
I klasse 10B er det 18 gutar og seks jenter. Dette var det tatt omsyn til på ein god måte ved rollefordelinga, og dei forskjellige typane passa fint inn i rollene sine. I juleforteljinga er det Scrooge som er den absolutte hovudpersonen, og denne gong var det Roe Lauvås jr. som levandegjorde han svært godt. Men dei andre skodespelarane var også flinke. Alle viste at dette hadde det vore arbeidd med, og likeins at dette var noko dei syntest var kjekt.