To bronseplassar i Trondheim

— Dette er eg fornøgd med. Eg var ikkje heilt heldig med forholda på klassisk. […]

— Dette er eg fornøgd med. Eg var ikkje heilt heldig med forholda på klassisk. På fellestarten hadde eg rygg på vinnaren til ein km før mål, og eg tapte sølvet i innspurten, fortel han.
Vindafjord-løparen var fjerde siste startande i det over 100 mann store feltet på klassisk, og utover dagen blei løypene både tunge og dårlege.
— Slikt må eg rekna med, men det er liten tvil om at eg tapte på dårlege løyper, seier Bjørnar som starta roleg, men kneppa veldig inn på dei beste mot slutten. I mål var han 21 sekund bak gullvinnar Erik Sæves (Gjerdrum), og åtte sekund bak Morten Harjo Pettersen (Vadsø) på andreplass.
— Eg hadde ein fin stigning utover i løpet, så dette er eg rimeleg tilfreds med, sa Bjørnar som blei nummer fire då sesongen starta med mønstringsrenn på Veldre før jul. I helga var absolutt alle dei beste med eitt unntak med.
Bjørnar hadde eit lite håp om å komme med til ungdoms OL. Det klarte han ikkje. Leikane går i Sveits i slutten av månaden, og Noreg sender berre to gutar til Alpene.
— Konkurransen på Veldre var einaste uttak, så det toget gjekk allereie før jul, presiserer han.
I fjor flytta Bjørnar til Hovden der han går på skigymnaset. Han er blitt ein vesentleg mykje betre løpar det siste året. I fjor blei det andre og niandeplass under NM. Han gjorde det då klart best på klassisk.
— NM-resultata i fjor var litt misvisande. Eg er nokolunde jamn på klassisk og på friteknikk. Det viste eg fleire gonger i fjor, og det har eg til hensikt å bevise i år også, seier Bjørnar som for eit par sesongar sidan var klart best i klassisk. Han meiner at eit bra miljø på Hovden, mykje snø og strukturert trening etter at han flytta, er hovudgrunnane til at han er blitt ein mykje betre skiløpar.
I fjor var Stian Haugland (19) med på junior VM i sprint. I helga lykkast han overhovudet ikkje. Han blei berre nummer 35 på favoritten.
— Rett og slett for dårleg. Skal det bli ny VM-tur må eg skjerpa meg mange hakk, seier Stian. Junior NM i starten på mars er siste og endelege VM-uttak.
— Det er då eg skal vara i form. Eg gir ikkje opp, men det er klart at det eg leverte i helga ikkje styrker sjølvtilliten, seier Stian som har vore litt småsjuk den siste tida.