Suksess med vaskekosten

Industrivask Haugaland AS har i løpet av eitt år gitt arbeid til 16 personar, og […]

Industrivask Haugaland AS har i løpet av eitt år gitt arbeid til 16 personar, og nærmar seg ti årsverk. Det betyr også at oppdragsmengda har hatt ein bratt kurve oppover. No er ferskingen i ferd med å skaffe seg eit lite overskot i drifta.
Hovudet i bøtta
På eit kombinert lager og kontor i underetasjen til Etne forbruksforening sit Hildegunn Åkra og Dag Anders Hornenes med utsikt over Etnefjorden og unner seg ein kopp kaffi. Det er ein heller sjeldan situasjon for paret som ville starte si eiga bedrift. Å få på beina ei bedrift som går frå to til 16 tilsette i løpet av eitt år, har vore eit blodslit.
— Vi har stått med hovudet i bøtta samstundes som vi skal byggje opp verksemda. Det er ikkje rare tida vi har brukt på dette kontoret. Administrasjonen tar vi helst i ledige stunder på heimekontoret, fortel Dag Anders Hornenes.
Verd slitet
Hildegunn Åkra (30) og Dag Anders Hornenes (44) har lang fartstid i tidlegare Norway Foods i Skånevik, og dei tok jobb i sjømatprodusenten sin fabrikk i Svolvær før dei bestemte seg for å starte eiga bedrift i heimtraktene.
— Vi må vedgå at det har gått over all forventning. Det er verd alt arbeidet når det går så bra. Vi starta jo frå null og overtok ikkje kontaktar frå andre. Det første halve året raste det ut med pengar og vi lurte på korleis det skulle gå. Det er litt tungt i den fasen, men då må ein sjå framover. No har vi fått fotfeste, seier ho.
Dei har arbeidd seg inn jamt og trutt, og har i dag rundt 25 vaskeobjekt i porteføljen, pluss prosjekt og einskildoppdrag.
Trefte blink frå starten
Dei to etablerarane fekk eit godt utgangspunkt med ein tungvekter som medspelar frå starten av. Vest Renhold AS i Bergen har gjennom fleire selskap nærmare 250 tilsette. Bergensarane har aksjemajoritet i Industrivask Haugaland, med Åkra og Hornenes som ein god nummer to med 40 prosent.
— Vi trefte innertiar med val av samarbeidspartnar. Dette er folk som har vore i bransjen i 25 år og kan gi oss solid støtte. Dei har brei erfaring med reinhald i næringsmiddelbedrifter der det er store krav til dokumentasjon. Dei har bidratt med eit ferdig dataopplegg, noko vi måtte ha brukt lang tid på aleine, seier Hornenes.
Samarbeidspartnar i bransjen har vore ein viktig nøkkel til at Industrivask Haugaland AS har kome såpass langt på eitt år, meiner dei to.
Tar opp kampen
Industrivask Haugaland tar ikkje mål av seg å pusse støv rundt brudebilde, men dei er ikkje kresne på oppdrag i startfasen. Målet er bedriftskundar, med eit særleg blikk på næringsmiddelindustri.
På Haugalandet konkurrerer dei i realiteten med danske ISS når det gjeld næringsmiddelindustri.
Det er tre store på Haugalandet og i Sunnhordland når det gjeld reinhald. I tillegg til ISS, er det Vibe og Toma.
— Målet vårt er å konkurrere i dette selskapet og bli blant dei store på Haugalandet. Det blir eit tøft tak, men absolutt eit mål for framtida, seier dei to.
Spesielt på store oppdrag er prisane pressa. Og investeringane er ikkje ubetydelege i ein stadig meir maskinell reinhaldsbransje.
Reiser utover
I neste månad tar dei fatt på sitt første faste oppdrag i Haugesund med vask hos ein bilforhandlar. Seinare i år reknar dei to med å skaffe seg eit lager i byen, og har dermed ein base for å utvide oppdragsmengda i ytre strok.
— Det er i grunnen litt spesielt at vi startar opp i Etne og reiser utover. Medan dei andre er etablerte i Haugesund og reiser innover. Men tar du passarspissen i Etne og slår ein sirkel for ein times reisetid, er det eit temmeleg stort område å skaffe seg oppdrag i, seier Hornenes.
Tre tilsette har adresse Haugesund, noko som er eit bra utgangspunkt for jobbar der ute. Resten av arbeidsstokken er frå Etne og Ølen, deriblant fem tidlegare tilsette ved Norway Foods.
Av faste vaskeoppdrag i dag er butikkar, Vest-Ro i Sandeid, Rullestad-anlegget og båtar hos HSD ein del av kundane.