Kring klokka 21.30 førre onsdag fekk politiet melding om brann fleire stader i eit skogsområde på Sørstranda i Etne. Brannvesenet rykte ut og kunne stadfeste brann tre stader. Brannen blei sløkt, og det viste seg at påtenninga var gjort i samband med bråtebrenning. Personen som hadde tent på hadde ikkje søkt om lov på førehand, og politivakta i Haugesund understrekar at dette må gjerast. Personen som brann bråte ulovleg i Etne blir meld til politiet.
Ulovleg bråtebrann
Kring klokka 21.30 førre onsdag fekk politiet melding om brann fleire stader i eit skogsområde […]