Det var Anne Christine Hervik (21) frå Tysvær, Siv Therese Hovland Simonsen (23) frå Sveio og Jarle Gåsland (31) frå Sveio som omkom i dødsulykka i Vikedal torsdag ettermiddag. To personar, trailersjåføren og passasjeren i den eine personbilen, kom frå ulykka utan fysiske skadar. Dei vart teken hand om av kriseteamet i Vindafjord kommune og helsepersonell. Fredag vart dei to overlevande og eit vitne til ulykka avhøyrte av politiet.
— Kva som er årsaka til ulykka vil eg ikkje spekulere i. Fredag var ulykkesgruppa på staden og måndag kjem Havarikommisjonen for tunge køyretøy til å starta si etterforsking. Når dei er ferdige med sitt arbeid, kan me seia noko om årsaka, seier lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord.
Luftambulanse
Ulykka skjedde ved den gamle vegstasjonen ved Søndenåneset i Vikedal torsdag ettermiddag i 17.30-tida. Politi og redningsmannskap kom raskt til staden, og både luftambulanse og Sea King redningshelikopter vart tilkalla.
— Traileren var på veg vestover og kolliderte med ein personbil. Føraren av denne omkom, medan passasjeren overlevde. Etter kollisjonen kom traileren over i den andre køyrebanen og pressa den andre bilen inn i bergveggen. Passasjeren i denne bilen omkom, medan føraren vart sendt til Stavanger med luftambulanse. Han døydde seinare av skadane, fortel Ingvar Gjærde.
Vanskeleg redningsarbeid
Kriseteamet i Vindafjord kommune vart etablert saman med helsepersonell og politi. Desse tok seg av pårørande som kom til staden. Lensmannen fortel også om vanskelege arbeidsforhold for redningsmannskapa.
— Det var mykje redningspersonell på staden, og desse gjorde ein kjempeinnsats på eit vanskeleg arbeidsområde. Me hadde dei ressursane som skulle til, men tre av personane sat fastklemte, og det var svært vanskeleg å få dei ut, fortel Ingvar Gjærde.
Også redningsmannskapa vert utsett for store påkjenningar i slikt redningsarbeid, og i etterkant har det vore samling for dei involverte på rådhuset. Her var både krisegruppa, prest og frivillige med for å hjelpa dei som hadde behov for det.
Lange køar
Ulykka skjedde på eit smalt og svingete parti på Rv 46. Det danna seg store køar på begge sider og vegen var stengt medan redningsarbeidet gjekk føre seg.
— Det var mange som var på veg til ungkarsfestivalen i Suldal, og det vart store køar. Me snudde trafikken i Sandeid og fekk opna Røldalstunnelen. I tillegg gav me beskjed til ferja på Ropeid om at dei ikkje måtte senda bilar mot Vikedal, seier Ingvar Gjærde.
Vegen vart delvis opna for trafikk rundt klokka 21.30, og vart heilt opna rundt klokka 23 torsdag kveld.